Tom Sundby

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tom Sundby
Fødd 15. desember 1960
Larvik
Yrke fotballspelar

Tom Sundby (fødd 15. desember 1960) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Stavern, som spelte 39 landskampar i tida 1983-88. Midtbanemannen var ein viktig aktør i det offensive spelet på både landslag og klubblag. Landslagsspelaren Reidar Sundby var far hans.

Sundby seniordebuterte på Stag i Stavern, men gjekk snøgt over til Larvik Turn i 3. divisjon. Frå 1981 til -83 var han Lyn-spelar. Etter at oslolaget rykka ned i 1983, melde han overgong til Lillestrøm Sportsklubb, ein klubb som i 1985 enda på andreplass i 1. divisjon etter ei spanande sesonavslutning, og deretter vart noregsmeister på Ullevaal stadion. Året etter vann Lillestrøm seriegullet, men tapte 1-4 mot Tromsø IL i cupfinalen.

Sundby debuterte på Noregs landslag sommaren 1983. Året etter deltok han i Sommar-OL 1984. I åra framover var han jamnt med i den norske fyrsteellevaren. Han vart alvorleg skadd i kampen mot Skottland på Ullevaal stadion i september 1988, då han vart brutalt takla av Steve Nicol heilt i byrjinga av kampen. Skotte-kampen vart hans 39. landskamp, i alt skåra han seks mål.

Skaden førte til at Sundby ikkje kunne spele fotball i nærare to år. Dermed gjekk kontrakten med den greske klubben Iraklis frå Thessaloniki ut, ein klubb han hadde spelt for sidan seinhaustes 1986. Sundby kom tilbake i spel med Lyn i 1990, og hjelpte klubben til opprykk same sesongen. Etter to sesongar i den norske toppserien la han opp.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1986 med Lillestrøm
  • Cupmeister: 1985 med Lillestrøm

Siden 2007 er han tilsett i Norges Fotballforbund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]