Stein Kollshaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stein Kollshaugen
Fødd 16. februar 1956
Gjøvik
Yrke fotballspelar

Stein Kollshaugen (fødd 16. februar 1956) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Gjøvik som spelte på Raufoss, Moss og Hamarkameratene. Han vart norsk meister med Moss Fotballklubb i 1983 og spelte 18 landskampar i tida 1979-84.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kollshaugen debuterte på Raufoss Idrettslag i 1974 då laget vart sist i 1. divisjon. Dei neste fire sesongane var han årleg toppskårar for klubben i 2. divisjon. Før 1979-sesongen melde han overgang til Moss. I sin fyrste sesong i Moss vart han toppskårar i 1. divisjon med 15 mål, saman med Odd Iversen, og vann sølv i serien. Kollshaugen skåra det fyrste målet då Moss i 1983 vann cupfinalen med 2-0 over VålerengaUllevaal stadion i Oslo.

Etter seks sesongar i Moss tok han våren 1985 plass i angrepet til andredivisjons-laget Hamarkameratene. Laget vann A-avdelinga og rykte opp i 1. divisjon, der det vart verande i to sesongar. Kollshaugen var så toppskårar for Hamar-klubben både i 1988 og 1989. Han la opp etter 1990-sesongen, etter at laget for tredje året på rad mislukkast i å rykke opp i toppdivisjonen.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kollshaugen fekk sin debut på det norske OL-landslaget hausten 1979. I sin andre landskamp var han med då Noreg kvalifiserte seg til Moskva-OL med siger 1-0 over det vesttyske amatørlandslaget i Baunatal. I 1980-sesongen deltok han i tre landskampar og skåra både mot Danmark og mot Island.

Etter eit par års fråvere frå landslaget spelte han han heile 11 landskampar i 1983. Han skåra fem mål i OL-kvalifiseringskampar, dei to siste då Noreg slo Finland 4-2 den 26. oktober 1983 på hans dåverande heimebane, Melløs i Moss. Kollshaugen var med i troppen som deltok i Sommar-OL 1984 i Los Angeles. Han var der med i startellevaren mot Frankrike, hans 18. og siste landskamp. Til saman signerte han sju landslagsmål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]