Tomelilla kommun
Tomelilla kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Len | Skåne län | ||
Landskap | Skåne | ||
Del av | Skåne, Q61465356, Q61465229 | ||
Areal | 397,39 km² | ||
- land | 395,94 km² | ||
- vatn | 1,45 km² | ||
Folketal | 12 942 | ||
![]() Tomelilla kommun | |||
Wikimedia Commons: Tomelilla Municipality | |||
Tomelilla kommune ligg i det svenske fylket Skåne län i landskapet Skåne. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Tomelilla.
Tomelilla kommune ligg på Österlen og grensar til Simrishamn, Kristianstad, Hörby, Sjöbo og Ystads kommun.
Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Tomelilla kommune har fem tettstader. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1 | Tomelilla | 6 204 |
2 | Brösarp | 700 |
3 | Onslunda | 453 |
4 | Smedstorp | 372 |
5 | Lunnarp | 343 |
Kulturliv[endre | endre wikiteksten]
I Tomelilla kommune finst fleire galleri og kunstnarar med eigne atelier. I administrasjonssenteret Tomelilla ligg Tomelilla Konsthall med ein biletkunstskule for barn og ungdom, og Tomelilla Jazzarkiv for eldre ungdom. Christinehofs slott i Andrarum nord for Tomelilla er velkjend for sine utandørskonsertar med internasjonalt kjende artistar og andre populære arrangement.
Venskapskommunar[endre | endre wikiteksten]
Tomelilla kommune har venskapskommunar i Noreg, Danmark og Finland.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tomelilla kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 26. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: