Malmö kommune er ein tett folkesett kommune all den tid det meste av arealet er dekt av Malmö by. Han ligg sørvest i Sverige og grensar i nord til Burlövs kommun og Staffanstorps kommun, i aust til Svedala kommun og i sør til Vellinge kommun. I sørlege og austlege delar av kommunen ligg dei øvrige tettstadane.
Kommunen har sidan 1. januar 1996 vore inndelt i 10 bydelar, som i sin tur er inndelt i såkalla delområde, totalt 134. Dei ti bydelane vert styrt av kvar si politiske nemnd, bydelsrådet. Den politiske samansetnaden av nemndene bygger på samansetnaden i kommunestyret. Kvart bydelsråd har elleve ordinære leiarmøte. I kvar bydel finst eit medborgarkontor.
Per 1. januar 2009 var 83 209 innbyggjarar fødd i utlandet.[3] 171 nasjonalitetar er representert i Malmö kommune. Dei største innvandrargruppene kjem frå følgjande fødeland: