Tommy Emmanuel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tommy Emmanuel
Tommy Emmanuel ZMF 2015 IMGP8688 1.jpg
Fødd31. mai 1955 (66 år)
FødestadMuswellbrook
FødenamnWilliam Thomas Emmanuel
OpphavAustralia
Aktiv1962-
SjangerJazz, pop, rock, country
Instrumentgitar
Tilknytte artistarPhil Emmanuel (Broder), Jerry Reed, Chet Atkins, Martin Taylor, Hank Marvin, Django Reinhardt, Paco de Lucia, George Benson, Larry Carlton, Eric Clapton, John Knowles, Steve Wariner
Verka somgitarist, låtskrivar, jazzmusikar, perkusjonist, jazzgitarist
Prisarmedlem av Order of Australia

William Thomas Emmanuel AM (fødd 31. mai 1955) er ein australsk gitarist, låtskrivar og songar som er kjend for sin avanserte fingerplukkingteknikk der han brukar alle ti fingrar når han spelar. Han er også kjend for sine energiske framføringar og bruken av perkusjons-effektar på gitar. Emmanuel har utvikla sin eigen stil som soloartist og har gjeve ut fleire prisvinnande album og singlar. I 1999 vart han tildelt tittelen Certified Guitar Player av Chet Atkins og derfor vert namnet hans ofte avslutta med C.G.P. I Guitar Player Magzine i mai 2008 og 2010 vart han kåra til «Beste akustiske gitarist» av lesarane.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Chet Atkins var ei av dei største inspirasjonskjeldene til Tommy Emmanuel.
Døme på ein fingerstyle-song - Freight Train

Emmanuel vart fødd i Muswellbrook i New South Wales i Australia i 1955 som ein av fire sysken. Han fekk sin fyrste gitar i 1959 i ein alder av fire år og vart lært til å kompa mora som spelte lap steel-gitar.I alderen av seks i 1961, høyrde han Chet Atkins på radioen. Han hugsar godt denne augneblinken og har sagt at det inspirerte han som musikar.

I ein alder av seks år jobba han som ein profesjonell musikar. Då familien oppdaga dei musikalske talenta til Emmanuel og bror hans, Phil, oppretta faren deira eit familieband. Faren selde huset deira og tok familien med ut på spelejobbar. Med familien som budde i to bilar, vart store delar av Emmanuel sin barndom brukt på å turnera Australia, spela rytmegitar, og sjeldan gå på skule. Etter faren deira døydde i 1966, snakka den australske countrystjerna Buddy Williams med familien og bad om løyve til å ta Emmanuel-brørne med seg og turnera Australia. Tommy Emmanuel spelte inn ei rekkje Buddy Williams-album tidleg på 1970-talet. Etter kvart insisterte styresmaktene i landet på at Emmanuel-ungane måtte gå regelmessig på skule.

Familien Emmanuel busette seg til slutt i Parkes. Tommy Emmanuel flytta til Sydney, der han vart lagt merke til nasjonalt då han vann ei rekkje talentkonkurransar i tenåra. På slutten av 1970-talet spelte han trommer med broderen Phil i gruppa Goldrush, i tillegg til å gjera sesjonsarbeid på mange album og singlar. På slutten av 1970-talet var han også hovudgitarist i bandet Southern Star, backing-gruppa for vokalist Doug Parkinson. I løpet av 1985-1988 og 1955, vart han i 1982 med i den reformerte oppstillinga av den leiande newzealandske/australske 1970-talsgruppa Dragon, og turnerte mykje med dei, inkludert ein turne i 1987 med Tina Turner. Han forlet gruppa for å starta ein solokarriere.

I 1994 inviterte musikk veteranen John Farnham Emmanuel til å spela gitar ved sida av Stuart Fraser frå Noiseworks til konserten for Rwanda. Emmanuel hadde tidlegare vore eit medlem av Farnhams band på byrjinga av 1980-talet og var med på albumet Uncovered, og vart med igjen etter konserten i 1994.

I juli 1999 kommenterte Chet Atkins at Emmanuel var ein «fryktlaus» fingerplukkande gitarist og tildelte Tommy og fire andre (John Knowles, Marcel Dadi, Jerry Reed og Steve Wariner) tittelen «Certified Guitar Player».

Emmanuel og broren Phil opptredde live i Sydney på avsluttingsseremonien til Sommar-OL i 2000. Hendinga vart sendt over heile verda med eit sjåartal på omtrent 2,85 milliardar.

I Desember 2007, vart han diagnosert med hjarte problem og vart nødt til å ta ein pause frå den hektiske turneringa grunna utmatting, men han fortsette med fulltids turnering i 2008. I 2009 jobba han med fleire lokale artistar som; Ray Burgess, Marty Rhone, John St Peeters og John «Swanee» Swan for å gje ut ein singel, Legends of the Southern Land.

I juni 2010 vart Emmanuel utnemnd til medlem av Order of Australia (AM).

På TommyFest i 2011 nytta Emmanuel høvet til å snakka med publikum om den sterke kristne trua sia. «Herren er min Hyrde, så eg manglar ingenting - det er sant!» fortalde han den samla folkemengda.

I 2012 tildelte guvernør Steve Beshear i staten Kentuckys heiderstittelen Kentucky Colonel.

Under ein konsert i juli i 2019 nemnte han å nyleg ha mottatt amerikansk statsborgarskap.

Gitar stil[endre | endre wikiteksten]

Emmanuel har sagt at sjølv i ein ung alder var han fascinert av Chet Atkins sin musikalske stil (også kalla Travis-picking) der ein speler basslinjer, akkordar, melodiar, og harmoniar samstundes ved å bruka tommel og fingrar på høgre hand og oppnå ein dynamisk rekkjevidde med lyd frå instrumentet. Sjølv om Emmanuel sin stil inneheld ei rekkje musikalske påverknadar og stilartar, inkludert jazz, blues, bluegrass, folk og rock, er denne typen country finger-stil i kjernen av hans teknikk. Mens Emmanuel aldri har hatt formell musikkopplæring og ikkje les eller skriv notar, har den naturlege musikalske evna hans, eigenkjensla av rytme og karismaen gjeve han tilhengjarar frå heile verda. Som solomusikar speler han aldri etter ei settliste og brukar eit minimum av effektar på scenen. Han fullfører vanlegvis studioopptak ein gong.

Tommy Emmanuel har den største tida av karriera si brukt Maton-gitarar
Ei skarptromme og eit par vispar.

På solokonsertane hans speler han vanlegvis gitarar produsert av det australske merket Maton. Han reiser vanlegvis med to skreddarsydde produserte Maton EBG808 TE-modellar. Han har spelt Maton gitarar gjennom det meste av karriera og er litt av ein ambassadør i selskapet grunna sin mangeårige tilknyting til merket. Han er kjend for dei hardhendte og utslitne utsjånadane til gitarane sine. Dette er eit resultat av den dynamiske, energiske stilen og perkussive teknikkane hans. Ein av teknikkane han er kjend for inneber for eksempel å slå på heile gitarkroppen på forskjellige stadar med hendene eller ved hjelp av skarptrommevispar for å etterligna lyden av slagverk.

Emmanuel har vanlegvis ein Maton EBG808 i standard stemming (E-A-D-G-H-E), og den andre EBG808 er stemt til D-G-D-G-H-E (G6-stemming) og hans TE1 til C#-F#H-E-G#-C#. Han brukar vanlegvis strengar med tjukkleik på 0.12 gauge (tynne strengar) på ein av hans EBG808 og 0.13 (medium) strengar på den andre EBG808 og TE1. Dette hjelper han til å skifta raskt mellom gitarar under ein konsert, i staden for å stemma ein gitar til forskjellege stemmingar.

Emmanuel krøllar ofte den venstre tommelen rundt gitarnakken på gripebrettet for å spela nokre tonar, i staden for å berre bruka fingarne til å spela- i motsetnad til klassiske gitaristar, men ikkje uvanleg for jazz- og countrygitaristar. Han spelar ofte vanlege treffingerakkordar med berre to fingrar. Han brukar ofte eit tommelplekter, fingrane eller ein kombinasjon av desse (hybrid picking). I tillegg til virtuose, raske «licks» og harpeteknikk med overtonar (Cascading harmonic progressions), brukar han ofte ein teknikk som imiterer ein elektrisk gitars tremolo-system på akustisk gitar ved å trykka handflata på høgre hand mot kroppen på gitaren nær feste av gripebrettet på kroppen, mens han trykkjer med venstre hand på toppen av gitarhovudet. Gitarhalsen bøyer seg slik litt bort frå kroppen og påverkar tonehøgda til strengane for å oppnå ønskeleg lyd.

Tommy Emmanuel i 2015
Signatur

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Eigne plater[endre | endre wikiteksten]

  • From Out of Nowhere (Trafalgar, 1979)
  • Up from Down Under (Artful Balance, 1987)
  • Dare to Be Different (Mega, 1990)
  • Determination (Mega, 1991)
  • The Journey (Columbia, 1993)
  • Terra Firma (Columbia, 1994)
  • Classical Gas (Columbia, 1995)
  • Initiation (Columbia, 1995)
  • Can't Get Enough (Columbia, 1996)
  • Midnight Drive (Higher Octave, 1997)
  • Collaboration (Sony, 1998)
  • Only (Original Works, 2000)
  • Endless Road (Favored Nations, 2004)
  • Live One (Original Works, 2005)
  • The Mystery (Favored Nations, 2006)
  • Happy Hour (Original Works, 2006)
  • Center Stage (Favored Nations, 2008)
  • Little by Little (Sony, 2010)
  • All I Want for Christmas (Favored Nations, 2011)
  • Tommy Emmanuel & Friends Live from the Balboa Theatre (KPBS, 2011)
  • The Colonel and the Goveror (Mesa/Bluemoon, 2013)
  • It's Never Too Late (CGP, 2015)
  • Christmas Memories (CGP, 2016)
  • Live at the Ryman (Sony, 2017)
  • Pickin (Acoustic Disc, 2017)
  • Accomplice One (CGP, 2018)
  • Heart Songs (CGP, 2019)
  • The best of Tommysongs (CGP, 2020)
  • Live! Christmas Time (CGP, 2020)
  • Live from the Balboa Theatre (CGP, 2021)
Tommy Emmanuel opptrer

Sidemann[endre | endre wikiteksten]

Med Dragon

  • Dreams of Ordinary Men (Polydor, 1986)
  • Bondi Road (RCA, 1989)
  • Incarnations (Roadshow Music, 1995)

Med Bill Wyman

  • Groovin (Roadrunner, 2000)
  • Double Bill (Disky, 2001)
  • Just for a Thrill (Ripple, 2004)

Med andre[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]