Larry Carlton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Larry Carlton
Larry Carlton Gibson ES-335.jpg
Verkeleg namn Larry Eugene Carlton[1]
Alias Mr. 335
Fødd 2. mars 1948 (69 år)
Torrance
Instrument Gitar
Sjanger Jazz, smoothjazz, jazzfusion, blues, pop, rock
Yrke Musikar, låtskrivar, produsent
Plateselskap Uni Records, Warner Bros. Records, MCA Records, GRP Records, Star Licks Productions
Nettstad [http://Heimeside Heimeside]
Kjende instrument
Gibson ES-335

Larry Carlton (fødd 2. mars 1948) er ein amerikansk jazz-, smoothjazz-, jazzfusion-, blues-, pop- og rockegitarist. Han har delt karrieren sin mellom soloinnspelingar og studioarbeid for mange kjende band og artistar. I løpet av karrieren har Carlton vunne fire Grammyprisar, mellom anna for kjenningsmelodien for fjernsynsserien Hill Street Blues (1981).[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1970- og tidleg i 1980-pra var Carlton studiomusikar i Los Angeles, og spelte på opp til fem hundre innspelingar i året, inkludert album av Steely Dan, Joni Mitchell, Billy Joel, Michael Jackson, Quincy Jones, The Four Tops, Christopher Cross, Barbra Streisand, the Partridge Family og Charly García. Gitaren hans på Steely Dan sin «Kid Charlemagne» frå albumet The Royal Scam i 1976 vart av Rolling Stone kåra til den tredje beste gitarsoloen gjennom tidene. Frå 1971 til 1977 spelte han med jazzrockgruppa The Crusaders. I 1977 signerte han ein avtale med Warner Bros. Records. Albumet Larry Carlton kom ut i 1978. I 1979 spelte han gitar på Michael Jackson sitt Off the Wall. og på Paulinho Da Costa sitt Happy People. Carlton spelte inn seks album frå 1978 til 1984. I 1979 spelte Carlton på det Grammyvinnande debutalbumet til Christopher Cross. Gitaristen Eric Johnson spelte på det same albumet.

I 1985 fekk Carlton kontrakt med MCA Master Series for det akustiske jazzalbumet Alone / But Never Alone. I 1988, medan han arbeidde på det elektriske albumet On Solid Ground, som kom i 1989, vart Carlton eit tilfeldig valdsoffer då han vart skoten i halsen utafor Room 335, det private studioet hans i Sør-California. Kula øydela stemmebanda hans og ei nerve. Carlton kom seg likevel raskt att og gjorde ferdig albumet.

Frå 1994 til 1997 spelte Carlton på fleire turnear, mellom anna med Toto-gitaristen Steve Lukather, og gav ut fleire album utover 90-åra og 2000-åra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Som studiomusikar (lite utval)[endre | endre wikiteksten]

Med Lalo Schifrin

Med Paulinho Da Costa

  • Happy People (Pablo Records, 1979)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. California Births, 1905 – 1995, Larry Eugene Carlton
  2. Skelly, Richard. «Biography: Larry Carlton». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p6243. Henta March 23, 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]