Tor Svendsberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tor Svendsberget
Fødd 3. november 1947 (73 år)
Austlandet
Yrke skiskyttar, journalist

Tor Svendsberget (fødd 3. november 1947) er ein tidlegare skiskyttar fødd i Aust-Torpa. Han tok sølv på 20 km under VM i skiskyting 1970, samt bronse på 20 km i 1973 og 1974. Svensberget representerte Engerdal Sportsklubb og Sjølisand Skytterlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Svendsberget vart verdsmeister for juniorar både i 1967 og 1968. Under verdsmeisterskapen 1970 i Östersund fekk han sølv både individuelt, slått av Aleksandr Tikhonov frå Sovjetunionen, og i stafett. Også i 1971 var han med med norske stafettlaget som tok VM-sølv. Svensberget deltok så i vinter-OL 1972 i Sapporo og kom på åttandeplass på 20 km og fjerdeplass på stafetten. Både i 1973 og 1974 fekk han bronsemedaljen på 20 km under verdsmeisterskapen, i høvesvis Lake Placid og Minsk. I dei to meisterskapane fekk han elles VM-sølv og VM-bronse med Noregs stafettlag.

Svendsberget deltok også i vinter-OL 1976 i Innsbruck, der ein niandeplass på 20 km var hans største prestasjon. To år seinare fekk sitt fjerde VM-sølv i stafett, under meisterskapen i Hochfilzen.

Han vart norsk meister i skifeltskyting i 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]