Torstenson-krigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torstenson-krigen
Del av Trettiårskrigen
Fehmarn1644.jpg
Sjøslaget ved Femern der den svensk-nederlandske flåten senka alle danske skip unntatt to.
Stad Danmark, Sverige
Resultat Svensk siger; freden i Brömsebro
Partar
Sweden-Flag-1562.svg Sverige Flagget til Danmark
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Kommandantar
Sweden-Flag-1562.svg Lennart Torstenson (hovudarméen)
Sweden-Flag-1562.svg Gustaf Horn (Skåne)
Sweden-Flag-1562.svg Carl Gustaf Wrangel (flåten)
Sweden-Flag-1562.svg Maerten Thijssen (flottan)
Flagget til Danmark Kristian IV (overbefalshavar, flåten)
Flagget til Danmark Hannibal Sehested (Jämtland)
Flagget til Danmark Anders Bille (hovudarméen)
Flagget til Danmark Ebbe Ulfeldt (Skåne)
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Matthias Gallas (forsterkingar)
Styrkar
14 000 man i hæren til Torstenson
10 600 mann i hæren til Horns
Totalt: 24 600 man
26 000 danskar
6 000 frå det tysk-romerske riket
Totalt: 32 000 man

Torstenson-krigen eller Hannibalfeiden var ein krig mellom Danmark-Noreg og Sverige i åra 16431645.

Svenskane stod med store styrkar i Tyskland på grunn av Trettiårskrigen, og Christian IV blanda seg inn ved å intrigere mot svenskane. Svenskane gjennomføre difor eit overraskingsåtak på Danmark 12. desember 1643. Den svenske generalen Torstensson gjekk inn i Jylland frå Nord-Tyskland. Ei anna styrke gjekk til åtak mot Sjælland frå Pommern, medan ei tredje styrke, på 11 000 menn, gjekk til åtak mot Skåne.

I 1644 sende Christian IV ein sjøstyrke mot Kiel, og mista auget sitt i sjøslaget som stod i juli. Same år tok svenskane Helsingborg, Lund og Landskrona. Dei åtaka ikkje Malmö på grunn av den sterke festninga der.

I Noreg fekk den danske statthaldar Hannibal Sehested løyve til å byggje ut hæren. På rekordtid organiserte og øvde han opp ein hær. Han delte distrikta opp i legder, som plikta å stille soldat med utstyr. I løpet av kort tid var hæren på 10 000 menn, der 8 000 var bondesoldatar. Sehested si oppgåve var å lette på presset på Danmark, ved å åtake svenskane i Dalsland og Värmland, pluss Göteborg. Det vart med nokre korte raid, før svenskane gjekk inn i norske Bohuslän på slutten av krigen.

Ved freden i Brömsebro mista Danmark-Noreg øyene Gotland og Ösel, og dessutan Jämtland, Härjedalen og Idre og Särna.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]