Høgskolen i Finnmark
| Høgskolen i Finnmark | |||
| | |||
| Motto | «Under nordlyset - over det meste!» | ||
|---|---|---|---|
| Grunnlagt | 1994 | ||
| Type | Statleg høgskole | ||
| Stad | Alta | ||
| Studentar | 2 000 | ||
| Tilsette | 240 | ||
| Nettstad | http://www.hifm.no/ | ||
| Erstattar | Finnmark distriktshøgskule | ||
| Erstatta av | Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet | ||
Høgskolen i Finnmark (HiF) var ein statleg høgskole i Finnmark som vart skipa som fylgje av Høgskulereforma 1. august 1994. Han var ein av dei 24 statlege høgskolane i Noreg etter høgskolereforma. Det var Finnmark sykepleierhøyskole, Finnmark distriktshøgskole og Alta lærerhøgskole som vart slått saman til ein høgskole.[1] Dei heldt til i Alta og Hammerfest, der òg hovudstudiestadane til høgskolen vart lagde. I tillegg fanst ein campus i Kirkenes, og skulen hadde desentraliserte studium i Lakselv, Kirkenes, Tromsø, Bardufoss og Finnsnes.
Høgskolen vart fusjonert med Universitetet i Tromsø den 1. august 2013, under namned UiT Noregs arktiske universitet.[2] Høgskolen vart det nye Finnmarksfakultetet ved universitetet.
Fagleg organisering
[endre | endre wikiteksten]Høgskolen hadde ein lang periode tre avdelingar:
- Pedagogiske og humanistiske fag (Alta)
- Nærings- og sosialfag (Alta)
- Helsefag (Hammerfest)
Ved samanslåinga i 2013 hadde høgskolen desse institutta:
- Institutt for helsefag (Hammerfest)
- Institutt for sosialfag
- Institutt for pedagogiske og humanistiske fag
- Institutt for idretts- og realfag
- Institutt for økonomiske- og reiselivsfag
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen byggjer på «Høgskolen i Finnmark» frå Wikipedia på bokmål, den 7. april 2012.
- ↑ Om oss i HiF. Arkivert 25. juni 2013.
- ↑ Offisielt fra statsråd 15. februar 2013