Trebbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trebbia
elv
none
Land Italia
Lengd 105 km km
Nedslagsfelt 1 150 km² km²
Middelvassføring 40 m³/s /s
Kjelde Monte Prelà
Munning Po
Wikimedia Commons: Trebbia

Trebbia er ei elv i Liguria og Emilia Romagna i Italia. Ho er ei av dei fire viktigaste sideelvane til Po frå høgre. dei tre andre er Tanaro, Secchia og Panaro. Nedslagsfeltet dekkjer 1 150 km² og er delt mellom Emilia Romagna, Liguria og Lombardia. Dei største sideelvane er Aveto og Perino frå høgre og Boreca frå venstre.

Ho spring ut frå Dei liguriske Appenninane ved åsen Monte Prelà, sør for Monte Antola i kommunen Torriglia i provinsen Genova. Frå her renn ho nordaustover i 105 km før ho munnar ut i Po vest for Piacenza.

Ponte Gobbo («Pukkelbrua») er ei Djevelbru som strekkjer seg over elva ved Bobbio.
Trebbiadalen i juli, eit par kilometer oppfor Bobbio.

Dei største busetnadane elva renn igjennom før Piacenza er Ottone, Marsaglia (i kommunen Corte Brugnatella), Bobbio, Perino (ein del av Coli), Travo og Rivergaro.

Mellom kjelda og Bobbio renn elva gjennom Val Trebbia, som vert rekna for ein svært vakker dal som trekkjer til seg mange turistar. Elvedalen vidar seg så ut før ho endar opp på Posletta etter Rivergaro.

På austbreidda vart det utkjempa eit slag under den andre punarkrigen i 218 f.Kr., slaget ved Trebbia, der Hannibal slo ein romersk kosulhær.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Trebbia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]