Treeiningskyrkja i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′59.573″N 10°44′42.828″E

Treeiningskyrkja
Trefoldighetskirken
kyrkje
Trefoldighetskirken Oslo.jpg

Foto: Bjørn Erik Pedersen

Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Oslo domprosti
Sokn Sentrum og St. Hanshaugen
Fellesråd Oslo
Arkitekt Alexis de Chateauneuf
(uft. ark.: Wilhelm von Hanno)
Teknikk Mur
Material Teglstein
Innvigd 28. april 1858
 - Endringar 1870, 1956–58, 1993–97
Kyrkjegard Nei
Preikestol 1858
Døypefont Dåpsengel i marmor av Julius Middelthun 1865
Altartavle Adolph Tidemand, 1868 (Jesu dåp)
Orgel Claus Jensen, 1872 (rest. 1958); kororgel N.A. Venheim, 1988
Sitjeplassar 1200
Diverse Glasmåleri frå 1932, 1952 og 1985, laga av Frøydis Haavardsholm og Veslemøy Nystedt Stoltenberg. Ljosekrone av Emanuel Vigeland 1923.
Wikimedia Commons: Trefoldighetskirken Oslo

Treeiningskyrkja (Trefoldighetskirken) er ei kyrkje som ligg på Hammersborg i Oslo. Kyrkja vart teikna av den tyske arkitekten Alexis de Chateauneuf og oppført i 1853–58 med Wilhelm von Hanno som utførande arkitekt. (Chateauneuf vart sjuk og forlét landet i 1850 og døydde i 1853.)

Dette er ei av dei fyrste nygotiske kyrkjene i Oslo — og ei av dei mest særmerkte. Ho er oppført i upussa teglstein, og golvplanen kombinerer krossplan, åttekant og sentralkyrkje. Interiøret og inventaret slik vi ser det, har kome til i løpet av kyrkja si historie.

Bygningshistorie[endre | endre wikiteksten]

I 1870 vart vegger og søyler dekte med puss — til sterke protestar frå arkitekt von Hanno. Dette vart fjerna ved ei restaurering i 1958–60. Då fjerna ein òg den asfalten som dekte golvet, og kyrkja fekk nytt steingolv. På 1990-talet var kyrkja prega av lekkasjar og murpuss som fell av. Kyrkja vart stengd for restaurering i 1993 og opna att i 1997.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Altartavla har eit bilete av Jesu dåp måla av Adolph Tidemand i 1868. Dette er eit av dei mest kopierte alterbileta i norske kyrkjer, truleg berre overgått av Oppstoda (også Tidemand) i Bragernes kyrkje. I tavla finn ein òg statuettar av Peter og Paulus. Omramminga har vorte noko forenkla så ho ikkje skal dekkje glasmåleriet bak.

Døypefonten er ein dåpsengel av marmor laga av Julius Middelthun i 1865. Orgelet vart bygd av Claus Jensen i 1872 og vart restaurert til hundreårsjubileet. Det finst òg eit kororgel bygd av Nils Arne Venheim i 1988. Ei krossforma ljosekrone laga av Emanuel Vigeland kom til i 1923.

Glasmåleri[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har etter kvart fått glasmåleri i mange vindauge. Desse var kontroversielle i si tid. Fem store vindauge i koret har glasmåleri av Frøydis Haavardsholm (utført av firmaet G.A. Larsen) frå 1935. Motiva er Skapinga, Historia om Israel, Jesu fødsel og barndom, Jesu lidingshistorie og Treeininga. Seinare har også fire mindre vindauge under galleriet fått glasmåleri. Dei to i sør (1952) er laga av Haavardsholm (motiv: Livsens vann og Livsens tre), medan Veslemøy Nystedt Stoltenberg står bak dei to i nord (1980–82), som viser Perla (Jf. Matt. 13,45-46) og Kveitekornet (jf. Joh. 12,24).

Gravplass[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje gravplass ved kyrkja.[1]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ellefsen, Berg m.fl. (2008). Kirken i sentrum. Jubileumshefte 1858–2008. Oslo: Trefoldighet menighet. 
  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 26-27. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 575. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  • Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 120-123. ISBN 82-91399-11-5. 
  • Rasmussen, Alf Henry, red. (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 715. ISBN 82-75-27022-7. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gravferdsetaten i Oslo kommune har informasjon om gravplass for dei einskilde sokna.