Kampen kyrkje i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 59°54′43.020″N 10°46′55.096″E

Kampen kyrkje
kyrkje
Kampen kirke.jpg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Oslo
Prosti Oslo domprosti
Sokn Kampen
Fellesråd Oslo
Type Langkyrkje
Periode Nygotisk
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Teknikk Mur
Material Tegl
Innvigd 1882
Kyrkjegard Nei
Altartavle Axel Ender
Sitjeplassar 550
Wikimedia Commons: Kampen kirke

Kampen kyrkje er ei langkyrkje frå 1882 på Kampen i Oslo kommune, vigsla 29. november 1882. Kyrkja er ei utprega nygotisk kyrkje oppført i upussa teglstein, teikna av Jacob Wilhelm Nordan. Det er 550 plassar i kyrkja.

Altartavla i kyrkja er frå 1884. Axel Ender har måla biletet i altartavla, som viser kvinnene ved Jesu tomme grav påskemorgon, eit motiv Ender har brukt ei rekkje gonger, mellom anna i Molde domkyrkje. Dei fire evangeliesymbola, utført av Enevold Thømt i 1913, er å sjå over fire av dei indre dørene i kyrkja. I åra 1989–1994 vart vindauga i kyrkja utsmykka med tolv store og seks små glasmåleri og to rosettar over inngangsdørene, utført av Peer Lorentz Dahl (1915-2005). Han har òg teikna kyrkjas antependium, preikestolklede, messehaklar i kyrkjeårets farger, og har måla serien med målarstykke som heng på søylene i kyrkja, og som til saman dannar krossvegen, Jesu lidingsveg på langfredagen. Serien skildrar dei fjorten stasjonane (dei særskilde hendingane) på Jesu veg frå staden der Pilatus seier dødsdomen over han til han vert lagt i grava, og skal lesast i rekkjefølgje frå målarstykket i nærleiken av preikestolen, ned mot inngangsdøra og opp att på andre sida av midtgangen. Motivet på altartavla syner konklusjonen: Jesus sigrar over døden, og med han sigrar dei truande òg over døden og får evig liv. Målarstykka er frå 1999, innvigd i fastetida i 2000.

I våpenhuset står ein madonnaskulptur (skulptur av jomfru Maria med barnet) i marmor frå 1992, laga av skulptøren Knut Steen[1].

Det er ikkje gravplass ved kyrkja.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 37-38. ISBN 978-82-573-1946-5. 
  • Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 291. ISBN 978-82-573-1760-7. 
  • Øverland, Olava (1995). Våre altertavler. Oslo: Det Norske Samlaget. s. 174-175. ISBN 82-521-45000-0 Sjekk |isbn=-verdien: length (hjelp). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne Osloartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.