Triel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Triel

Status i verda: LC Livskraftig

TrielFoto: Frank Vassen
Triel
Foto: Frank Vassen
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Burhinidae
Slekt: Burhinus
Art: B. oedicnemus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Eurasian Thick-knee
  • Vitskapleg namn
    Burhinus oedicnemus

    Triel (Burhinus oedicnemus) er ein fugl i trielfamilien, og ein mellomstor medlem av familien. Han har utbreiing i Europa, Afrika og sørvestre Asia. Slektsnamnet Burhinus kjem frå det greske bous, okse og rhis, nase. Artsnamnet oedicnemus kjem frå det greske oidio, å hovne opp, og kneme, legg eller bein, med tilvising til fuglen sitt framtredande ankelledd, som òg gjev det vanlege skildrande namnet thick-knee på engelsk.[1]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Dette er ein ganske stor vadefugl med kroppslengde frå 40 til 44 centimeter, vengespennet er frå 77 til 85 cm og vekta 290-535 gram.[2] Trielen liknar ei lo, men er langt større. Til dømes er heilo mindre enn 30 centimeter. Utsjånaden er prega av den kamuflerande fjørdrakta tilpassa det halvtørre leveområdet med sand, grus og sparsamt med vegetasjon. Kroppen er overvegande brun, sandfarga, lysare underside enn overside og med to mørke og eit lyst band over vengene som er synlege når fuglen står. Nebbet er gult, men nær halve fremste delen er mørk. Auga er store og gule. Beina er lange og gule. Fuglen syner eit karakteristisk mønster i flukt, med svartkvite vengeteikningar. Trass klassifisering som ein vadefugl, føretrekker denne arten tørre, opne habitat med noko barmark. Trielar er i stor grad aktive om natta, då dei òg gjer høglydte klagande songar. I hekketida har dei læte som minnar om storspoven, med eit stigande 'kyy-liie' læte. Føda består av insekt og andre små virvellause dyr, og av og til små krypdyr, froskar og gnagarar.

    Hekkeområdet er fragmentert i vestlege Europa frå Sør-England og sørover. Arten finst dessutan rundt Middelhavet, hekkar i Aust-Europa frå Ukraina og austover, vidare over Tyrkia og sørvestlige Asia. I det meste av utbreiingsområdet er han ein trekkfugl som overvintrar i Afrika, men meir standfugl i middelhavsområdet inkludert Spania og i Pakistan. Arten er ein sjeldan streiffugl i Noreg.[3]

    Den europeiske populasjonen er estimert til 46 000-78 000 par og er trudd å vere svakt aukande.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 81. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
    2. Hume, R., Kirwan, G.M. & Boesman, P. (2016) Eurasian Thick-knee (Burhinus oedicnemus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 3. desember 2016
    3. Søk på artsobservasjoner.no den 27. november 2016
    4. BirdLife International (2016) Species factsheet: Burhinus oedicnemus. Henta frå http://www.birdlife.org den 3. desember 2016

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Triel