Troels Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Troels Andersen
Fødd 27. februar 1940Rediger på Wikidata
Yrke kunsthistorikar, biograf

Troels Andersen (fødd 27. februar 1940) er ein dansk kunsthistorikar og fagbokforfattar, fødd i København. Han har utgjeve fleire biografiar om danske kunstnarar frå 1900-talet, mellom andre Asger Jorn og Franciska Clausen. Frå 1973 til 2004 var han leiar av Silkeborg Kunstmuseum i SilkeborgJylland, som seinare har fått namnet Museum Jorn.

Andersen studerte i åra 1961 til 1966 kunsthistorie, russisk, litteratur og kunst hjå universiteta i København, Moskva, Leningrad (Sankt Petersburg) og Amsterdam. Han var medskipar av Den eksperimenterende Kunstskole i 1961, og har vore redaktør av tidsskrifta Information, CRAS og Billedkunst. Frå 1966 til 1977 underviste han ved universiteta i Aarhus og København, og var i perioden 1978 -1984 leiar av Foreningen af Danske Kunstmuseer.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]