Tromsø domkyrkje
(Omdirigert frå Tromsø Domkyrkje)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tromsø domkyrkje | |
domkyrkje | |
Land | ![]() |
---|---|
Fylke | Troms |
Kommune | Tromsø |
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja |
Bispedøme | Nord-Hålogaland |
Prosti | Tromsø domprosti |
Periode | Nygotikk |
Arkitekt | Christian Heinrich Grosch |
Material | tre |
Innvigd | 1861 |
Tårn | Ved inngangen |
Kyrkjegard | I kyrkjeparken |
Sitjeplassar | 600 |
Wikimedia Commons: Tromsø domkirke | |
Tromsø domkyrkje er ei domkyrkje i Tromsø som vart bygd i 1861. Kyrkja er den einaste protestantiske domkyrkja i Noreg som er bygd i tre. Arkitekten bak kyrkja er Christian Heinrich Grosch. Kyrkja er i nygotikk og ligg med kyrkjetårnet og hovudinngangen vendt mot vest. Domkyrkja er oppført som langkyrkje med tilbygg på langsidene som gjev ho ei krossform.
Tromsø domkyrkje ligg i hjartet av Tromsø sentrum, omkransa av kyrkjeparken der det har vore gravplass frå mellomalderen fram til første halvdel av 1800-talet. Nokre eldre graver kan ein framleis sjå på nordaustsida av kyrkja.
Interiøret er dominert av altartavla, som er ein kopi av verket Oppstandelsen av Adolph Tidemand. Originalen står i Bragernes kyrkje i Drammen.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tromsø domkirke» frå Wikipedia på bokmål, den 2. august 2017.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
