Hillesøy kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hillesøy kyrkje
kyrkje
Hillesøy kirke - Side P2.jpg
Foto: Peter Kaino Jensen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Tromsø domprosti
Sokn Hillesøy
Fellesråd Tromsø
Arkitekt D. G. Evjen
Material Tre
Innvigd 1889
Kyrkjegard Ja
Sitjeplassar 304

Hillesøy kyrkje
69°35′53″ N 18°1′54″ E
Wikimedia Commons: Hillesøy kirke

Hillesøy kyrkje er ei langkyrkje i tre frå 1889 på Kvaløya i Tromsø kommune, nærare bestemt på Austein på Brensholmen, lengst sørvest i kommunen.

Mellom klenodia inne i kyrkja er to tyske altarskåp frå rundt 1500. Det har vore kyrkje på Hillesøy sidan mellomalderen, men i 1889 vart det bygd ei ny kyrkje på Austein inne på Brensholmen. Tidlegare omfatta soknet òg store bygder på Nord-Senja, slik som Husøy, Botnhamn med fleire. Kyrkja har 304 sitjeplassar.

I soknet ligg òg Bentsjord kapell.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Altarskåpet på altaret
Altarskåpet på sida i koret
Kyrkja sett frå inngangspartiet
Orgelgalleriet med englar på gallerifronten

Veggane i kyrkja er av ubehandla tre. Forsida på galleriet er dekorert med måleri av englar, noko som vart gjort i 1931, samstundes som preikestolen vart måla. Det heng to store lysekroner i taket, og der heng òg ein modell av ein fembøring.

Altarskåp 1

Altarskåpet som er plassert på altaret, er eit særs godt bevart eikeskåp laga i Lübeck i Tyskland mellom 1460 og 1470. Hovudpartiet i skåpet er delt i tre delar, separerte av veggar. Den midtre delen er den største, og inneheld ein skulptur som er nyare enn dei to andre skulpturane i skåpet. Midtskulpturen viser Jesus. Skulpturen til høgre er av Maria som holder Jesusbarnet i hendene, medan den venstre skulpturen viser Maria si mor, Anna av Jerusalem, som held Maria i armane. Maria held i sin tur Jesusbarnet i armane sine. Dørene viser Jesus på krossen og himmelferda. Altarskåpet vart restaurert av Tromsø Museum i 1963.

Altarskåp 2

I koret, på høgre sida sett frå kyrkjeskipet, står eit anna altarskåp. Også dette er før-reformatorisk, og skåpet har truleg opphaveleg stått i Baltestad kyrkje. Skåpet har tre skulpturar som viser St. Tomas, Maria Magdalena og St. Andreas.

Preikestol

Preikestolen vart truleg bygd samstundes med kyrkja. Stolen vart måla i 1931 og vart samstundes prega med ein gullkross.

Nattverdutstyr

Altarsølvet er frå kyrkja var ny i 1889.

Orgel

Orgelet er frå 1979.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Truleg var det allereie bygd ei kyrkje på Hillesøy før den fyrste kyrkja vart bygd på Tromsøya i 1240–50. Ved reformasjonen låg det tre kyrkjer og eit kapell innanfor dagens soknegrenser: Øyfjord kyrkje, Baltestad kyrkje, Hillesøy kyrkje og Håja kapell. Når desse kyrkjene vart bygde og akkurat kvar dei låg, er usikkert. Alle kyrkjene låg under Trondenes prestegjeld. Hillesøy var i lang tid plaga av mangel på prestar, og kyrkja skal ha vore i særs dårleg forfatning i 1716, ifølgje Thomas von Westen.

I 1731 vart Hillesøy eige prestegjeld med Øyfjord og Baltestad under seg, før Hillesøy vart lagd under Lenvik i 1759. Baltestad kyrkje vart då lagd ned. Då Lenvik kyrkje vart riven i 1855, fekk Hillesøy kyrkje det gamle altarskåpet frå Baltestad i gåve.

I 1770 vart det bygd ei ny kyrkje på Hillesøy. Utover 1800-talet vart stadig nye område overført til soknet frå Tromsø og Senja, og kyrkja vart for lita. Det vart difor bygd ei ny kyrkje i 1889. Plasseringa på Brensholmen var dels for å gjere seilingsforholda frå Senja lettare, dels for å plassere kyrkja midt i soknet. Bortsett frå altarskåpa vart alt av katolsk inventar kasta i prosessen med å byggje ny kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hillesøy kirke –100 år 1889–1989. Kort historisk minneskrift utgitt til jubileet 20. august 1989., Hillesøy menighetsråd, 1989.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]