Tussa Kraft
| Tussa Kraft | |||
| Org.form | Aksjeselskap | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 916929641[1] | ||
| Skipa | 19. desember 1956 | ||
| Eigar | Ørsta kommune, Herøy kommune, Volda kommune, Hareid, Vanylven, Ulstein, Sande kommune | ||
| Dotterselskap | Tussa Energi AS, Tussa IKT | ||
| Hovudkontor | Ørsta | ||
| Land | Noreg | ||
| Nettstad | https://www.tussa.no/ (norsk) | ||
Tussa Kraft AS er eit norsk energi- og kommunikasjonskonsern med hovudkontor i Ørsta kommune på Sunnmøre. 200 medarbeidarar jobbar i konsernet, med oppgåver innanfor kraftproduksjon, kraftomsetning, IKT og installasjon.
Verksemda vart stifta i 1949. I 2022 hadde ho fire heileigde dotterselskap: Tussa Energi, Sunnmøre Energi, Tussa IKT og Tussa Installasjon. I tillegg var ho deleigar i Mørenett og Wattn.[2]
All kraft frå Tussa er fornybar. I 2022 åtte og dreiv Tussa 25 vasskraftverk og 1 biobrenselanlegg. Tussa sine vasskraftverk har ein samla gjennomsnittleg produksjonskapasitet på om lag 750 GWh i året. Det er nok til å forsyne over 37 500 gjennomsnittshushald med straum i eit år.[3] Kraftverka er geografisk spreidde over heile søre Sunnmøre.
Ein stor del av overskotet i Tussa går tilbake til lokalsamfunnet gjennom utbyte til eigarane. Tussa er i dag eigt av åtte kommunar på søre Sunnmøre, KLP og eit kraftselskap.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://w2.brreg.no/enhet/sok/detalj.jsp?orgnr=916929641; vitjingsdato: 8. januar 2020; utgjevar: Brønnøysundregistra.
- ↑ «Organisasjonen», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022
- ↑ «All kraft frå Tussa er fornybar», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022
- ↑ «Samfunnsansvar», Tussa (på norsk bokmål), henta 14. januar 2022