UEFA-cupfinalen i fotball 1977

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1977 stod mellom italienske Juventus FC og spanske Athletic Bilbao og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 4. mai på Stadio Comunale i Torino framfor 54 800 tilskodarar, returkampen 18. mai på San Mamés stadion i Bilbao såg 39 700 frå tribuneplass. Sluttresultatet vart 2-2, Juventus vann pokalen på bortemålsregelen.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Opningskampen i Torino enda med 1-0 til heimelaget, med di Marco Tardelli heada eit innlegg frå høgre forbi Bilbao-målvakta i det 15. minutt.

I Bilbao var det Roberto Bettega som gav Juventus leiinga i det 7. minutt, også det ei heading på eit innlegg frå høgre. Javier Irureta utlikna til 1-1 allereie fire minutt seinare. I det 78. av kampen sende Carlos Ruiz heimelaget framom, utan det hjelpte Bilbao til anna enn siger i sjølve returkampen. Sigeren i finalen og UEFA-pokalen hamna likevel hos Juventus.

Laga[endre | endre wikiteksten]

For Juventus spelte: Dino Zoff, Antonello Cuccureddu, Francesco Morini, Gaetano Scirea, Claudio Gentile, Marco Tardelli, Romeo Benetti, Giuseppe Furino (kaptein), Franco Causio, Roberto Boninsegna, Roberto Bettega, Sergio Gori, Luciano Spinosi.

Athletic Bilbao mønstra: José Ángel Iribar, José Ignacio Oñaederra, Agustín Guisasola, Andoni Goikoetxea, Javier Escalza, Javier Irureta, Ángel María Villar, Txetxu Rojo, Dani Ruiz, José Ignacio Churruca, José Ángel Rojo, José Lasa, José Ramón Alexanko, José María Amorrortu, Carlos Ruiz.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Charles Corver frå Nederland var kampleiar i Torino, i Bilbao Erich Linemayr frå Austerrike.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]