Dino Zoff
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | Dino Nazionale | ||
| Fødd | 28. februar 1942 (84 år) | ||
| Fødestad | Mariano del Friuli i Italia | ||
| Høgd | 182 cm | ||
| Posisjon | Målvakt | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| Udinese Calcio | |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1961–1963 | Udinese | 38 | (0) |
| 1963–1967 | Mantova | 131 | (0) |
| 1967–1972 | Napoli | 143 | (0) |
| 1972–1983 | Juventus | 330 | (0) |
| Landslag | |||
| 1968–1983 | Italia | 112 | (0) |
| Trenar for | |||
| 1988–1990 | Juventus | ||
| 1990–1994 | Lazio | ||
| 1996–1997 | Lazio | ||
| 2001 | Lazio | ||
| 2005 | Fiorentina | ||
| Landslagstrenar for | |||
| 1998–2000 | Italia | ||
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2007 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. mai 2007 | |||
Dino Zoff (fødd 28. februar 1942 i Mariano del Friuli i provinsen Gorizia) er ein italiensk tidlegare fotballkeeper og -trenar. Han var kaptein for Italia då landet under VM i fotball 1982 vann sin tredje VM-tittel.
Karriere som spelar
[endre | endre wikiteksten]Zoff spelte 112 landskampar og deltok i fire verdsmeisterskap. I 1982 krona han den 22-årige karrieren som 40-åring ved å vinne VM i Spania. Han er den eldste fotballspelaren som er blitt verdsmeister (per 2009).
Zoff sette fleire rekordar i løpet av karrieren, mellom anna spelte han i perioden frå 20. september 1972 og 15. juni 1974 heile 1143 minutt på landslaget utan å sleppe inn mål. For klubben Juventus spelte han kvar einaste seriekamp 330 serierundar på rad. Han spelte i alt 570 Serie A-kampar.
Trenarkarriere
[endre | endre wikiteksten]Som trenar vann Dino Zoff UEFA-cupen 1989/90 med Juventus. Seinare trente han Lazio og Fiorentina. Etter VM 1998 overtok han treneransvaret for det italienske landslaget etter [Cesare Maldini, og to år seinare tok Italia sølv i EM. Etter tapet (1-2) mot Frankrike på Golden Goal trekte han seg som landslagstrenar same kveld. Etterfølgjaren til Zoff vart Giovanni Trapattoni.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dino Zoff» frå Wikipedia på bokmål, den 31. mai 2009.
- Einskildmenn
- Fødde i 1942
- Italienske fotballspelarar
- Italienske fotballtrenarar
- Udinese-spelarar
- Mantova-spelarar
- Napoli-spelarar
- Juventus-spelarar
- Målvakter i fotball
- Spelarar i Fotball-EM 1968
- Spelarar i Fotball-VM 1970
- Spelarar i Fotball-VM 1974
- Spelarar i Fotball-VM 1978
- Spelarar i Fotball-EM 1980
- Spelarar i Fotball-VM 1982