Hopp til innhald

Michael Owen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Michael Owen

StatsborgarskapStorbritannia
Fødd14. desember 1979 (46 år)
Chester
Yrkefotballspelar
Språkengelsk
Høgd172 centimeter
FarTerry Owen
Michael Owen på Commons

Michael James Owen (fødd 14. desember 1979 i Chester i Storbritannia) er ein engelsk fotballspelar. Han spelar spiss, og er kjend for å vere svært rask. Han spelar våren 2011 for Manchester United. Han kom dit frå Newcastle United, og dit kom han frå Real Madrid. Før det igjen spelte han i Liverpool, der han framleis er veldig populær blant supporterane. Han var Newcastle sin toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen med 11 seriemål, og delt toppskårar i 2008/09-sesongen med 8 seriemål.

  • Vinnar av UEFA-cupen: 2001 med Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 2001 med Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 2001, 2003 med Liverpool FC og 2010 med Manchester United
  • Engelsk ligameister: 2011 med Manchester United