Ullevål sykehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°56′9.4056″N 10°44′12.235″E / 59.935946000°N 10.73673194°E / 59.935946000; 10.73673194

Ullevål sykehus

Administrasjonsbygningen og hovudinnkøyringa til sjukehuset frå Kirkeveien til høgre for tårnet.
ArkitektHeinrich E. Schirmer
Kart
Ullevål sykehus
59°56′13″N 10°44′15″E / 59.93680833°N 10.737425°E / 59.93680833; 10.737425
Parkeringshuset med helikopterlandingsplass på taket og heis med tilknyting til innelukka bru over til akuttmottaket i Midtblokka, ligg på den andre (høgre) sida av hovudinnkøyringa til sjukehuset.

Ullevål sykehus i Kirkeveien 166 i bydel St. Hanshaugen i Oslo var opphavleg eit sjukehus eigd av Oslo kommune. Sjukehuset vart overteke av staten i 2002, og fekk då namnet Ullevål universitetssykehus. Frå 2009 vart sjukehuset ein del av Oslo universitetssykehus HF, som òg femner om dei andre tidlegare sjølvstendige sjukehusa i Oslo, Aker sykehus (som opphavleg var eigd av den tidlegare Aker kommune, slege saman med Oslo i 1948), Rikshospitalet og Radiumhospitalet. Oslo universitetssykehus HF høyrer inn under føretaket Helse Sør-Øst.

Ullevål sykehus vart bygd som Kristiania kommunale sygehuse, med ei epidemiavdeling som fyrste byggjesteg, planlagt i 1884 og teke i bruk i 1887. I tidas løp har sjukehuset vorte utbygd fleire gongar. Dagens sjukehus har eit areal på om lag 360 dekar og ligg på delar av dei tidlegare gardane Store og Lille Ullevål, Gjetemyren og Spångbergløkken, som alle låg i den tidlegare Aker kommune. Kristiania kommune, noverande Oslo kommune, kjøpte Lille Ullevål på 134 dekar i 1884 for å byggje epidemisjukehuset, og Store Ullevål i 1909, der 133 dekar av eigedomen vart avsett til sjukehuset.

Det tidlegaste sjukehuset[endre | endre wikiteksten]

Ein paviljong frå det tidlegaste Ullevål sjukehus, no museet på sjukehuset

Det fyrste sjukehuset, epidemiavdelinga, vart teikna av arkitekt Adolf Schirmer. Berre fire dagar etter at epidemiavdelinga vart teken i bruk i 1887, var ho full av pasientar på grunn av ein difteri- og skarlagensfeberepidemi som råka byen.

Avdelinga var bygd som frittliggjande paviljongar i god avstand frå kvarandre, og med planter på areala mellom husa, då den herskande teorien i dei dagane gjekk ut på at sjukdomssmitte, miasma, vart overført frå menneske til menneske gjennom forureina luft. Difor skulle sjukehuset vere oppdelt i fleire paviljongar som låg langt frå kvarandre og ikkje hadde fleire enn ei høgd for pasientane, og romma skulle ha stor takhøgd og vere utstyrt med luftetårn, for slik å hindre at miasmaene kunne spreie seg frå hus til hus og menneske til menneske.

Då den fyrste byggjeperioden var unnagjort i 1892, hadde sjukehuset i alt 272 senger i fire sjukepaviljongar og ein observasjonspaviljong, og det var reist økonomibygning, likhus og stall for hestane som vart nytta i ambulansetenesta. Til å take hand om pasientane var det tilsett ein overlege og to assistentlegar, som altså svarar til 90,6 senger per lege, i stor kontrast til våre dagars 1,5–2 senger per lege.

Dette sjukehuset låg nordaust på det som er notidas sjukehusområde. Tre av dei gamle paviljongane og nokre av luftetårna er teke vare på. Ein av paviljongane, avdeling 1 frå 1887, vart i 1987 innreia til eit lite sjukehusmuseum i samband med hundreårsjubileumet for Ullevål sjukehus. Her er det samlingar av gamalt medisinsk utstyr, inventar og ei mengd fotografi som har med helsetenesta og sjukhuset si soge gjennom tidene å gjere.

Noverande bygningar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1894 fungerte Victor Nordan som fast arkitekt for sjukehuset. Den gamle miamasmeteorien hadde no vorte erstatta av moderne smitteførebygging, og dette gav seg utslag i arkitekturen. Det var bygd hus i fleire høgder, men ein gav ikkje slipp på dei gamle ventilasjonssystema og luftetårna. Saman med medarbeidaren sin, Ingvar Hjort, stod Victor Nordan for utforminga av dei store, gule teglsteinsbygningane med innslag av nyrenessanse, jugendstil og nybarokk som framleis dominerer dagens sjukehus. I 1902 stod den noverande kirurgibygningen ferdig, og i 1903 bygningar for patologi, difteri og for hud- og veneriske sjukdomar.

I tredje byggjeperioden, frå 1912 til 1926, vart det bygd blokker i same stil som før, men med eit større preg av barokk. Av dei bygningane som no kom til, var dei viktigaste ei blokk for medisinsk avdeling, ei for psykiatrisk avdeling A og B, og ny avdeling for hud- og veneriske sjukdomar, og administrasjonsbygningen, som i 1924 fekk tilføyd det markante porttårnet med tårnhjelm i nybarokk stil. Sjukehuset hadde no ein kapasitet på nærare 2000 senger. Dessutan vart det bygd ein såkalla søsterheim (for sjukepleiarane, som då berre var kvinner) og bustader for legar.

Etter dette og fram til, og under krigen i åra 1940 til 1945 vart det ikkje sett i gang større byggjearbeid. Men frå 1950- talet og frametter vart det reist mange ny bygningar og tilbygg til dei eksisterande, og elles gjort moderniseringar og utbetringar. Det vart desssutan gjennomført omorganiseringar og samanslåingar med andre institusjonar utanom sjukehusområdet. Dei viktigaste bygningane som vart bygd etter krigen er avdelinga for geriatri (1952), ny austfløy (Thulstrupfløyen, 1957), ny nordfløy til den kirurgisk blokka (1964, rehabilitert til Kvinnesenteret i 1998-1999), Midtblokka med mellom anna røntgenavdeling (1971), Laboratoriebygningen (1977), nytt hovudkjøken (1985), Sentralblokka med mellom anna akuttmottaket (1995), barnesenter (1998), Pasienthotellet (2002), parkeringshuset med landingsplattform for ambulansehelikopter på taket og beinveges tilkyting til akuttmotaket over ei innelukka bru (2006) og Kreft- og isolatsenteret (2006).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]