Ulrik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ulrik og Ulrich er mannsnamn og slektsnamn av germansk opphav. Namnet er sett saman av gammalhøgtysk ôd(al), 'odel, arvegods' og rich (mektig). Den kvinnelege forma er Ulrikke.

Det er om lag 1050 nordmenn som har Ulrik som første førenamnet, og nær 80 som heiter Ulrich. Namnet er meir vanleg i Danmark.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

Namnet har variantar som tysk Ullrich og Olerik, nedertysk Odelrik, italiensk Ulderico, Udalrigo og Olderigi. Det har kortformer som Ulli, Uli (opphavleg allemannisk), Ueli (særleg i Sveits), Dorligo og Dorico (italiensk) og Ulika (ungarsk).

Namnet er i slekt med Otto.

Namnedag[endre | endre wikiteksten]

Ulrik har namnedag den 4. juli, noko som i tillegg til i Noreg går igjen i fleire land i Europa. Dette heng saman med festdagen for den heilage Ulrik av Augsburg. I Sverige er namnedagen den 5. august.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]