Øresundbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Øresundbrua
Oeresund Bridge.jpg
Offisielt namn Øresundsbron
Transporterer Biltrafikk
Jarnbanetog
Kryssar Øresund
Veg E20 – 4 felt
Bane Øresund jarnbanelinje - Dobbeltspor
Stad KøbenhavnMalmö
Posisjon 55°34′31″N 12°49′37″EKoordinatar: 55°34′31″N 12°49′37″E
Utforming Skråstagsbru og undervasstunnel
Lengste spenn 490 m
Total lengd 7 845 m
Breidd 23,5 m
Seglingshøgd 57 m
Trafikk Om lag 17 000 bilar
Bompengar 260DKK[1] /325SEK[2] /36EUR[3]
Opna 2. juli 2000
Opna av Margrethe II av Danmark og Carl XVI Gustaf av Sverige
Øresundbrua
Satellittfoto av Øresundbrua.
Sett frå Øresund

Øresundbrua er ei bru i eit motorveg- og jarnbanesamband som kryssar Øresund mellom Danmark og Sverige, og bind saman områda rundt København i Danmark og Malmö i Sverige. Sambandet er sett saman av ei lang høgbru og ein undervasstunnel. Det går undersjøiske senketunnellar for motorvegen og den dobbeltspora jarnbanen frå ei kunstig oppbygd halvøy ut frå øya Amager i Danmark og fram til ei kunstig øy i Øresund, Peberholm, der tunnelane kjem opp i dagen. Herfrå går jarnbanen opp på det undre av dei to nivåa på Øresundbrua, medan motorvegen går opp på det øvre nivået. Denne brua er den lengste kombinerte veg- og jarnbanebrua i Europa, og den lengste i verda som kryssar landegrenser. Ho er både konstruert, bygd og eigd som eit privat føretak.[4] Det er Øresund jarnbanelinje og den internasjonale vegen, europavegen E20, som går gjennom tunellen og over brua.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

I Sverige og Danmark blir brua referert til som høvesvis Öresundsbron og Øresundsbroen. Bruselskapet sjølv insisterer på at namnet skal vere Øresundsbron, som er å sjå på som eit varemerke for sambandet og føretaket som eig det. Ved å nytte ein skrivemåte med dansk Ø som fyrste bokstav i namnet istaden for den svenske Ö, og ei svensk ending i form av -bron i staden for den danske -broen, vart det laga eit kompromiss som skulle symbolisere den kulturelle identiteten tvers over landegrensa som brusambandet var meint å kunne framelska ved å legge tilhøva til rette for ein dansk-svensk storbyregion København-Malmö. Men ettersom sambandet eigentleg ikkje berre er ei bru, men òg ein tunnel, er det teknisk sett meir korrekt å kalle det Øresundsambandet, på dansk Øresundsforbindelsen, på svensk: Öresundsförbindelsen. The Sound Bridge er den engelske varianten av namnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bygginga tok til i 1995, og den siste delen av prosjektet blei avslutta den 14. august 1999. Kronprins Frederik til Danmark og kronprinsesse Victoria av Sverige møttest midt på for å feire ferdigstillinga av prosjektet. Den offisielle opninga fann stad den 1. juli 2000, med dronning Margrete II av Danmark og kong Carl XVI Gustaf av Sverige. Brua opna for trafikk seinare den dagen. Før opninga deltok 79 871 løparar i eit halvmaraton (Broloppet, bruløpet) frå Amager i Danmark til Skåne i Sverige den 12. juni 2000. Brua var ferdigstilt tre månader før tida.

I byrjinga vart ikkje biltrafikken over brua så stor som venta, og ein trudde årsaka til dette var at bompengane for å kryssa brua vart for høge for mange. Men i 2005 og 2006 auka trafikken kraftig, og dette trur ein skjedde fordi det var så mykje dyrare å bu i Danmark enn i Sverige at danskar såg seg tent med å flytte til Sverige og pendla til jobb i Danmark.

I 2008 kosta det 260 DKK, 325 SEK eller 36 EUR for å køyre over brua med personbil, men ein kan få rabatt på opp til 75 % om ein reiser ofte. I 2007 reiste om lag 25 millionar over brua, 15,2 millionar i bilar og bussar, og 9,6 millionar med tog.

Brukonstruksjonen[endre | endre wikiteksten]

Brua har eit av dei lengste skråstagsbruspenna i verda, med sine 490 m. Høgda på den høgaste pilaren er heile 204 m. Den totale lengda er 7845 m, som er om lag halve distansen mellom dei svenske og dei danske landmassane, og den veg 82,000 metriske tonn. Jarnbanelinja ligg under vegbanen på brua. Sjølv om brua har ei klaring på 57 m, vel det meste av båttrafikken å gå over Drodgen (kor tunnelen ligg). Brua blei designa av Arup.

Den kunstige øya Peberholm og den undersjøiske Drogdentunnelen[endre | endre wikiteksten]

Brua går berre halvvegs over Øresund, til ei kunstig bygd øy kalla Peberholm. Øya, som er meir enn 4 km lang og nokre hundre meter brei, høyrer til Danmark og er ikkje busett. Sambandet mellom Peberholm og Danmark går gjennom ein undersjøisk senketunnel kalla Drogdentunnelen. Den er 4050 m lang; ein 3,510 meter lang undersjøtunnel av ferdigstøypte tunnelelemet som vart senka på plass i ei byggegrop i sjøbotn, pluss to 270-meter lange porttunnelar i kvar ende. Grunnen til at der blei bygd ein tunnel i staden for ei til bru på strekninga nærast Amager, var omsynet til flytrafikken, ettersom København lufthamn, Kastrup på Amager ligg ikkje langt unna. Med ein tunnel vart både skipstrafikk- og flytrafikkinteressene ivareteke.

Jarnbanetransport[endre | endre wikiteksten]

Jarnbanen som går over brua vart dreve av det svenske SJ og Skåne lokaltog og det danske Danske Statsbaner, men er av dei jarnbanestrekningane som det med mellomrom vert utlyst tilbodskonkurranse for. Ein serie nye tog med to spenningar blei utvikla for å binde saman København-området med Malmö og Sør-Sverige så langt nord som til Gøteborg og Kalmar på enkelte avgangar. Brua blir òg brukt av X2000-tog frå Stockholm. København lufthamnKastrup har sin eigen jarnbanestasjon. Det går tog over brua kvart 20. minutt om dagen og kvar time om natta.

Jarnbanen er dobbeltspora og med ein standard som tillet høgfartstog med fart over 200 km/t. Det var utfordringar knytt til ulike typar elektrifisering og signaltypar i Sverige og Danmark. Løysninga var å byta elektrisk system, frå svensk 15 kV, 16,7 Hz til dansk 25 kV, 50 Hz AC, rett før det austre brutårnet (ved Lernacken i Sverige). Signaltypen er den svenske over heile brua. På Peberholm byter linja til dansk signaltype som held fram gjennom tunnelen og vidare inn i Danmark. Det var òg eit anna problem: I Sverige køyrer toga på det venstre sporet, medan dei i Danmark køyrer på det høgre. Av den grunn må ein byte side, og dette skjer på Malmö stasjon, som òg er ein endestasjon. Ved den nye bytunnelen i Malmö fører ei bru sporet over til den andre sida.

Kostnadar[endre | endre wikiteksten]

Kostnaden for heile prosjektet, inkludert motorveg- og jarnbanesambandet på land, blei kalkulert til 30.1 milliardar DKK i 2000. Det er rekna med at konstnadene bil vere nedbetalte innan 2035. I tillegg kom kostnadene til ein ny bytunnel for jarnbanen gjennom Malmö, som òg er ein viktig del av jarnbanen over Øresundbrua.

Bompengar[endre | endre wikiteksten]

I januar 2008 var prisane for ein tur over heile sambandet følgjande:

Køyretøy Danske kroner[1] Svenske kroner[2] Euro[3]
Motorsykkel 145 DKK 180 SEK 20 EUR
Vanleg bil 260 DKK 325 SEK 36 EUR
Bubil eller bil med campingvogn 520 DKK 650 SEK 71 EUR
Minibuss (6-9 meter) 520 DKK 650 SEK 71 EUR
Buss (lengre enn 9 meter) 1100 DKK 1365 SEK 151 EUR
Lastebil (lengre enn 9 meter) 775 DKK 960 SEK 106 EUR

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Øresundbrua