Uranusmånen Desdemona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Desdemona
Oppdagingsbiletet til Desdemona
Oppdaging[1]
Oppdaga avdet vitskaplege laget til Voyager 2
Oppdagingsdato13. januar 1986
Baneskildring[2]
62 700 km
Eksentrisitet0,0001
0,474 dagar
Banehelling0,113°
Satellitt avUranus
Fysiske eigenskapar
Snittdiameter
64,0 ± 8 km[2]
12 867,96 km²[2]
Masse1,78341 × 1017 kg[2]
1,3 g/cm³[2]
0,012 m/s²[2]
Albedo0,07 (synleg geometrisk)[3]

Desdemona er ein av månane til planeten Uranus. Han vart oppdaga på bilete tekne av Voyager 2 den 13. januar 1986. Desdemona er kalla opp etter kona til Othello i William Shakespeare-skodespelet Othello. Han har òg nemninga Uranus X.[4]

Desdemona høyrer til Portia-gruppa av månar rundt Uranus, i lag med Bianca, Cressida, Juliet, Portia, Rosalind, Cupid, Belinda og Perdita.[5] Desse satellittane har likande krinslaup og fotometriske eigenskapar.[5] Månen har ein radius på 32 km[6] og ein geometrisk albedo på 0,08[5], men utover det veit ein særs lite om Desdemona.

På bileta frå Voyager 2 verkar Desdemona avlang, der storeaksen peikar mot Uranus. Overflata er grå..[6]

Desdemona kan kome til å støyte saman med ein av nabomånane Cressida eller Juliet i løpet av dei neste 100 millionar åra.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.