Kystfort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Eit av dei to pansertårna på det danske kystfortet Stevnsfortet, bygd i 1950 til 1953 inne i Stevns Klint på austkysten av Stevns på Sjælland i Danmark for å kontrollere innseglinga til Øresund frå Austersjøen. Fortet er teke ut or bruk, og frå 2008 vorte til museum over den kalde krigen.

Kystfort er nemnnga på stasjonære militære installasjonar langs kysten for å hindre åtak på landet frå sjøen, eller for å skaffe seg militær kontroll over strategiske sund og andre farvatn. Dei fleste kystforta har solide bygningar i stein eller betong som kan stå mot åtak frå granatar og bomber, eller er kombinert med rom inne i fjellet. Hovudvåpna på kystforta var kanonar, torpedoar (ein sprengladning utstyrt med propell drive av ein motor med trykklufttank), og dei var ofte verna med minefelt (felt med eksplosiv som vert utløyst av båtar, køyretøy eller folk), plassert i sjøen og eventuelt på land i tillegg.

Kystforta i både Noreg og andre land er i den seinare tida vorte lagd ned, då dei ikkje stettar krava til moderne krigføring og landevern. Mange av dei har vorte omgjort til museum, kulturminne eller turistattraksjonar.

I Noreg ligg dei eldste kystforta attmed Oslofjorden, ved Tønsberg, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Vardø. Under den tyske okkupasjonen av Noreg under den andre verdskrigen vart det bygd om lag tre hundre fleire kystfort. Dei gjekk inn i den såkalla Atlanterhavsmuren eller Atlanterhavsvollen (tysk: Atlantikwall), som ikkje var ein mur eller voll, men ei 2.685 kilometer lang, tyskbygd line av kystfort på strategiske punkt langsetter vest-og nordkysten av fastlands-Europa, frå Frankrike i sørvest, over Belgia, Nederland, Danmark, og oppetter norskekysten.