Vakhtang VI av Kartli
Vakhtang VI | |||
| |||
Konge av Georgia (Kartli og Kakheti) | |||
Regjeringstid | 1716–1724 | ||
---|---|---|---|
Georgisk | ვახტანგ VI | ||
Fødd | 15. september 1675 | ||
Fødestad | Tbilisi | ||
Død | 26. mars 1737 (61 år) | ||
Dødsstad | Guvernatet Astrakhan i Det russiske imperiet | ||
Gravstad | Astrakhan, Cathedral of the Dormition | ||
Føregangar | Kaikhosro | ||
Etterfølgjar | Iese | ||
Gift med | Rusudan of Circassia | ||
Dynasti | House of Mukhrani, Bagration | ||
Far | Levan of Kartli | ||
Mor | princess Tuta Gurieli | ||
Born | Prince Bakar of Kartli, Tamar II of Kartli, Vakhushti of Kartli, Prince George of Kartli, Princess Ana of Kartli, Princess Tuta of Kartli, Prince Paata of Kartli |
Vakhtang VI, òg kjend som Vakhtang den lærde og Vakhtang lovgjevaren (15. september 1675–26. mars 1737), var ein georgisk monark frå det kongelege Bagrationi-dynastiet. Han herska over det austgeorgiske Kongedømet Kartli då kongedømet var ein vasall under Persia frå 1716 til 1724. Han var ein av dei viktigaste og mest merkverdige statsmennene i Georgia tidleg på 1700-talet og er kjend som ein dugande lovgjevar, lærd, kritikar, omsetjar og diktar. Regjeringa hans enda då osmanarane invaderte og tvang Vakhtang i eksil til Det russiske imperiet. Russland hadde ei stund att før dei nådde stordomen sin og Vakhtang fekk ikkje støtte hos tsaren for kongedømet sitt og i staden vart han verande i Russland resten av livet. På veg til eit diplomatisk oppdrag for tsarina Anna vart han sjuk og døydde i Sør-Russland i 1737, og nådde aldri fram til Georgia.
Familie
[endre | endre wikiteksten]Vakhtang gifta seg i Imereti, vest i Georgia, i 1696, med den tsjerkessiske prinsessa Rusudan (døydde i Moskva, 30. desember 1740). Dei var foreldre til:
- Prins Bakar
- Prins Georg
- Prinsesse Tamar (1696–1746) som i 1712 gifta seg med prins Teimuraz, den framtidige kongen av Kakheti og Kartli
- Prinsesse Anna (Anuka) (1698–1746), som i 1712 gifta seg med prins Vakhushti Abashidze
Vakhtang hadde òg fleire uekte barn, mellom andre
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Vakhtang VI of Kartli» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- The Cambridge History of Iran: Volume 6, the Timurid and Safavid Periods, edited by Peter Jackson, Stanley I Grossman, Laurence Lockhart: Reissue edition (1986), Cambridge University Press, ISBN 0-521-20094-6, page 318.
- Kings of Kartli at The Royal Ark.
- Iranian-Georgian Relations in the 16th- 19th Centuries in Encyclopædia Iranica.
- Ronald Grigor Suny, The Making of the Georgian Nation: 2nd edition (December 1994), Indiana University Press, ISBN 0-253-20915-3, page 54.
- This article incorporates text from the Penny Cyclopædia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge, a publication now in the public domain.