Pave Gelasius I

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gelasius I

DåpsnamnGelasius
Føddca. 410
Africa
Død19. november 496
Roma
Festdag:21. november
Føregangar:Felix II
Etterfylgjar:Anastasius II

Pave Gelasius I (d. 19. november 496) var pave frå 1. mars 492 til han døydde i 496.[1] Han er helgen i den katolske kyrkja, med festdag 21. november.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Liber Pontificalis fortel at Gelaisu var natione Afer, noko som er tolka som at han kom frå den romerske provinsen Africa. Far hans var ein prest med namnet Valerius. I eit brev til keisar Anastasios I kalla han seg Romanus natus ('romersk fødd').

Gelasius arbeidde både for pave Simplicius og for etterfølgjaren hans Felix II, som han blei ein viktig rådgjevar for.[2]

Pavegjerning[endre | endre wikiteksten]

Gelasius blei vald til pave den 1. mars 492, etter pave Felix II (III). Han kjempa for å verna dei gamle tradisjonane, og meinte av prestemakta overgjekk den til kongane. Dette blei han ofte sitert på i mellomalderen. Han bidrog med ein viktig lærestening som tok for seg oppdelinga mellom verdsleg og andeleg makt slik han rekna ho skulle vera mellom paven og keisaren. Denne dualistiske doktrine om «dei to sverda» fekk stor tyding for kyrkjereformene i høgmellomalderen, då paven og kyrkja si makt auka i høve til den til verdslege monarkar.

Gelasius skreiv også mange hymne og ei messebok.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1.  «Pope St. Gelasius I». Catholic Encyclopedia. New York: Robert Appleton Company. 1913. 
  2. «Gelasius I. - Ökumenisches Heiligenlexikon», www.heiligenlexikon.de (på tysk), henta 22. januar 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pave Gelasius I