Verdens ende

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Verdens ende er eit populært utfartsted heilt sør på øya Tjøme i Færder kommune, ytterst i Oslofjorden. Modellen av eit vippefyr og ein restaurant, vart bygd som turistattraksjonar i 1934. Færder fyr kan sjåast i bakgrunnen drygt ei halv mil ute i fjorden.
Foto: 2005

Verdens ende[1] er namnet på sydspissen av øya Tjøme i Færder kommune i Vestfold fylke, 26 km sør for Tønsberg. I vest ligg munningen av Tønsbergfjorden og i sør ligg Skagerrak. Frå svaberga på Verdens ende er det utsik mot havet og den ytste delen av skjergarden i Vestfold med Færder fyr som det mest markante landemerket ytterst i Oslofjorden. Skjergarden utanfor Verdens ende er ein del av Færder nasjonalpark.

Staden vart etablert som ein utfartsstad på 1930-talet88. Informasjonssenteret for nasjonalparken på Verdens ende opna i 2015.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Innestengde fuglar ved akvariet på Verdens ende tidleg på 1960-talet. Det vart drive frå 1935 til 1974.
Foto: Fra Nasjonalbibliotekets samlinger

Helgerødtangen var det gamle namna til staden, knytt til Tjømes sørlegaste gardsbruk, Helgerød. Tidlegare var staden utkikspunkt for lósar på jakt etter seilskuter.

Verdens ende er eit stadnamn som vart til på byrjinga av 1900-talet, og det oppstod fyrst bland sommargjestane som vitja staden. Namnet er direkte knytt til turisttrafikken og det ein i dag kallar merkevarebygging, og aspekten til badegjesten er innbakt i namnet. Gamle tjømlinger hadde eit heilt anna perspektiv på verda. Dei var sjøfolk og kvalfangarar, og var, på 1800- og 1900-talet, kjend med farvatn og havnebyar over heile kloden. Det var på ingen måte her på svaberga heime verda slutta; det var heller her den byrja. Det visste alle smågutter på Tjøme for så seint som 50 år sidan.

Brev og kort postlagd på Verdens ende fekk tidlegare eit eige stempel.

Det karakteristiske vippefyret med korg til eit kullbål vart bygd saman med ein restaurant som turistattraksjonar på staden i 1934, få år etter at Vrengen bru opna for trafikk i 1932.[2] Det fanst òg eit saltvassakvarium med fisk og sel. Det vart drive frå 1935 til 1974. Grunnmuren er no grillplass.

Like austom Verdens ende ligg det tidigere Grepan kystpensjonat som opna i 1919.[3] Moloanlegget i Grepanbukta på Enden i verda vart påbyrja i 1950.[4]

Friområde og attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Verdens ende med det rekonstruerte fyret, betongamfiet ved gjestehavna og besøkssenteret for Færder nasjonalpark. Grensa for nasjonalparken skjer gjennom staden rett sør for besøksssenteret og hamna.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen, 2017

Verdens ende er eit verna friområde på cirka 250 dekar. Staden er ein populær utfartsstad med ven natur, svaberg og småholmer, fiskeplassar, gode bademuligheter og flott utsikt utover havet. Den lange steinmoloen dannar vern mot vêr og vind for ein av Tjømes største småbåthamner. Her ligg òg fleire fiskebåtar.

Tidigere Tjøme kommunes tusenårsstaden ligg òg på Verdens ende. Det er ein sirkelforma plass, hellebelagt i stein med bjelkar i heltre som er forankra i steinblokker og fungerer som benkar. Plassen har tilgjenge frå parkeringsplassen med ein sti. Tusenårsstaden er utforma av landskapsarkitekt Marianne Leisner.

Skulpturen «Sjømannshustrua» av billedhoggeren Nina Nesje vart reist i 2004.[5]

Grensa for Færder nasjonalpark, eit område på 340 km² som vart oppretta i 2013, går gjennom Verdens ende rett sør for busetnaden og hamna. Færder nasjonalparksenter vart bygd der den gamle restauranten lå, og vart opna av dronning Sonja i juni 2015. Friluftsområdet Moutmarka like nordvest for Verdens ende inngår òg i nasjonalparken.   [[Fil:Verdens_Ende,_Tjøme,_Færder,_Norway._Tusenårsted,_gjestehavn,_molo,_svaberg,_Oslofjorden._Distorted_iPhone_panorama_2018-08-26.jpg|venstre|mini|800px|Utsikt mot ytre del av Oslofjorden og Skagerak sett frå Verdens ende. På området sest frå venstre tidlegare Tjøme tusenårsstaden , hamn og molo med gangbru til svaberg utanfor, og det rekonstruerte vippefyret. {{byline|2018|type=Panoramafoto

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. yr.no.
  2. Digital bygdebok for Tjøme
  3. Digital bygdebok for Tjøme
  4. Digital bygdebok for Tjøme
  5. Sjømannshustrua

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Verdens ende