Vigdis Hårsaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vigdis Hårsaker
Fødd 16. juli 1981
Noreg
Yrke handballspelar

Vigdis Hårsaker (fødd 16. juli 1981) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Ho vart europameister med Noreg i 2004 og vann elles to VM-sølv og eitt EM-sølv i tida 2001-07. På landslaget var venstrehendte Hårsaker oftast høgrekant, medan ho i Byåsen IL jamnast var høgre rykkrom-spelar.

Hårsaker spelte opphavleg på Sjetne IL, deretter gjekk ho i 1998 til byrival Byåsen. Etter ein sesong i franske Toulon var ho Byåsen-spelar att til 2003. Overgangen frå Byåsen til Larvik HK i 2003 skapte store overskrifter i avisene og overgangstvisten hamna til slutt i retten. I 2005 vann ho Cupvinnarcupen med Larvik. Deretter vende Hårsaker tilbake til Byåsen frå hausten 2005. To år seinare tapte ho Cupvinnarcupen med laget frå heimbyen. Skadar førte til at ho la opp seint i 2010.

Hårsaker landslagsdebuterte mot Polen 29. november 2000. Ho utmerkte seg særleg i EM-finalen 2004 i Budapest, der ho skåra fire av måla i ein kamp som enda med norsk siger 27-24 mot Russland. Den 18. oktober 2008 var Frankrike gjest då ho deltok i sin landskamp nummer 133. I det som vart hennar siste kamp med flagget på brystet gjekk ho mållaus av banen, etter å ha skåra 337 landslagsmål i dei føregåande landskampane.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Handball-EM 2000: Nr 6
  • Handball-VM 2001: Sølvmedalje etter 25-30 mot Russland
  • Handball-EM 2002: Sølvmedalje etter 22-25 mot Danmark
  • Handball-VM 2003: Nr 6
  • Handball-EM 2004: Gullmedalje etter 27-24 mot Russland
  • Handball-VM 2007: Sølvmedalje etter 24-29 mot Russland
  • Noregsmeister: 2003 med Larvik HK
  • Vinnar av Cupvinnarcupen: 2005 med Larvik HK
  • Finalist i Cupvinnarcupen: 2007 med Byåsen IL

Kjelder[endre | endre wikiteksten]