Handball-EM 2004 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Europameisterskapen i handball 2004 for kvinner, den 6. i rekka, vart avvikla i tida 9. til 19. desember 2004 i Ungarn. Noreg vann EM-pokalen for andre gong etter finalesiger 27 – 25 over Danmark. Arrangørlandet Ungarn kom på bronseplassen. 16 land var kvalifiserte og deltok i turneringa.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

Meisterskapen vart arrangert med gruppespel à fire lag, deretter to påfylgjande hovudrundar med seks lag i kvar avdeling. Deretter var det semifinalar med dei to beste laga i avdelingane, og til sist bronsefinale og finale. Turneringskampane fann stad i Debrecen, Zalaegerszeg, Békéscsaba, Győr og Budapest.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Ungarn – Noreg 29 – 44
  • Danmark – Russland 31 – 27

EM-finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad i Budapest med 7 300 personar på tribunane. Ved pause var stillinga 11 – 11. Etter ein jamn andre omgang fastsette Karoline Breivang sluttresultatet til 27 – 25.

Kjersti Beck og Katrine Lunde vakta målet for det norske meisterlaget. Norske målskårar var Kristine Lunde (6), Linn-Kristin Riegelhuth (5), Gro Hammerseng, Katja Nyberg, Vigdis Hårsaker, alle (4), Karoline Breivang (2), Camilla Thorsen og Elisabeth Hilmo 1 mål kvar. Også Kari Mette Johansen, Ragnhild Aamodt og Randi Gustad var med i det norske finalemannskapet, medan Gøril Snorroeggen, Isabel Blanco og målvakta Terese Pedersen såg finalen frå tribuneplass. Dagsavisen meinte Beck, Hammerseng og Hårsaker var dei beste norske spelarane i finalen.

Danmark sine toppskårarar var Camilla Thomsen og Rikke Hørlykke, begge med fire nettkjenningar.

Dommarparet Nasjevski frå Makedonia straffa begge laga med fem tominutts-utvisingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]