Handball-VM 2001 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdsmeisterskapen i handball 2001 for kvinner, den 15. i rekka, vart avvikla i tida 4. til 16. desember 2001 i Italia. Til saman 24 land deltok i turneringa. Russland vann meisterpokalen etter finalesiger 30-25 mot tittelforsvarar Noreg.

VM-finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen mellom semifinalevinnarane, Noreg og Russland, vart spelt i Merano framfor 3 500 tilskodarar. Russland var suverent best i fyrste omgangen og leia 18-12 ved pause. I andre omgangen reduserte Noreg den russiske leiinga ned til to mål, før Russland drog ifrå att og vann med 30 mål mot 25 norske.

Irina Poltoratskaja og Ljudmila Bodnijeva var mestskårarande for Russland med 5 mål kvar. Elles spelte Jelena Tsjausova, Nadezjda Muravjova, Anna Karejeva, Oksana Romenskaja og målvaktene Inna Suslina, Svetlana Bogdanova gode kampar i meisterskapen. Også Tatjana Alizar, Natalija Gontsjarova. Anna Ignatsjenko, Raisa Verasko, Jelena Partsjkova, Tatjana Djadetsjko, Alina Dolgitsj og Svetlana Smirnova vann VM-gull.

Norsk toppskårar vart Kjersti Grini med 9 nettkjenningar, elles skåra Kristine Duvholt 5 mål, Marianne Rokne og Else Marthe Sørlie 3, Monica Sandve 2, Gro Hammerseng, Elisabeth Hilmo og Unni Hinkel 1 mål kvar. Cecilie Leganger og Mimi Kopperud Slevigen vakta det norske målet, medan Vigdis Hårsaker og Janne Tuven fekk korte innsmett på bana. Heidi Halvorsen, Hanne Halén og Kristine Lunde måtte sjå kampen frå tribuneplass.

Ivan Doleijs og Vaclav Kohout frå Tsjekkia dømde finalekampen. Dei straffa Russland med fire 2-minuttsutvisingar og Noreg med to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 2001-02.