Handball-EM 2002 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i handball 2002 for kvinner, den 5. i rekka, vart avvikla i tida 6. til 15. desember 2002 i Danmark. Arrangørlandet Danmark vann EM-pokalen for tredje gong etter finalesiger 25 – 22 over Noreg. Frankrike tok bronseplassen. 16 land var kvalifisert og deltok i turneringa.

Turneringa[endre | endre wikiteksten]

Meisterskapen vart arrangert med gruppespel à fire lag, deretter to påfylgjande hovudrundar med seks lag i kvar avdeling. Deretter var det semifinalar med dei to beste laga i avdelingane, og til sist bronsefinale og finale. Turneringskampane fann stad i Farum, Helsinge og Århus.

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Danmark – Russland 22 – 18
  • Frankrike – Noreg 16 – 21

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen fann stad i Århus med 4 200 personar på tribunane. Ved pause var stillinga 13 – 11 til Danmark. I den andre omgangen utlikna Noreg til 18 – 18, før heimlaget tok leiinga att og drog frå til siger 25 – 22.

Danmarks vinnarlag utmerkte målvakta Karin Mortensen seg og vart kåra til meisterskapens beste spelar. Lene Rantala var den andre målvakta. Dei danske måla kom ved Line Daugaard (7), Rikke Hørlykke (5), Katrine Fruelund (4), Josephine Touray (3), Mette Vestergaard (2), Karen Brødsgaard (2), Ditte Andersen og Kristine Andersen, begge 1 mål.

Noregs mannskap bestod av målvaktene Heidi Tjugum og Mimi Kopperud, og målskårarane var Gro Hammerseng med 7 nettkjenningar, Janne Tuven (4), Tonje Larsen og Lina Olsson Rosenberg, begge (3), Birgitte Sættem og Else Marthe Sørlie, begge (2) og Elisabeth Hilmo 1. Katja Nyberg, Vigdis Hårsaker, Monica Sandve, Mia Hundvin, Kari-Anne Henriksen var også med, pluss Anette Hovind Johansen.

Dommarane Vladimir Bancik og Jan Beno frå Slovakia straffa Noreg med tre utvisingar og Danmark med to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]