Vikedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vikedal kommune)
Vikedal
tettstad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Vindafjord
Areal 0,78 km²
Folketal 490  (2023)
Folketettleik 628 / km²
Postnummer 5583 VIKEDAL
Kart
Vikedal
59°30′00″N 5°55′00″E / 59.5°N 5.91667°E / 59.5; 5.91667
Vikedal kyrkje

Vikedal er ein tettstad og eit sokn i Vindafjord kommuneHaugalandet i Rogaland fylke. Det var tidlegare også ein kommune.

Vikedal (Vikadal) tettstad[endre | endre wikiteksten]

Tettstaden ligg ved Osavika, ei vik på austsida av Sandeidfjorden, ved utlaupet av Vikedalselva. Fylkesveg 46 går gjennom staden som har kombinert barne- og ungdomsskule og kommunal barnehage. Her er tre campingplassar, og mykje av næringsgrunnlaget for dei er folk som kjem og driv sportsfiske etter laks i Vikedalselva.

Vikedal var administrasjonsenter i Vindafjord kommune fram til samanslåinga med Ølen kommune, då denne funksjonen vart overflytta til Ølensjøen.

Vikedal sokn[endre | endre wikiteksten]

Soknet femnar om bygdene rundt Osavika, Vikedalselva og Fjellgardsvatnet og har 862 innbyggjarar (2013). Det høyrer til Haugaland prosti. Tidlegare femna det òg om Ilsvåg krins, på vestsida av Sandeidsfjorden, som vart overført til Sandeid sokn etter opprettinga av Vindafjord kommune.

Vikedal kommune[endre | endre wikiteksten]

Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 omfatta Vikedal kommune dei tre sokna Vikedal, Sandeid og Imsland, I 1923 vart Sandeid og Imsland frådelte som eigne kommunar, og den gjenverande kommunen hadde då 924 innbyggjarar. Vikedal kommune vart nedlagd i 1965 og gjekk inn i den nyoppretta Vindafjord kommune, med unnatak for Hapnes krins på Nedstrandhalvøya, som vart overført til Tysvær kommune. Vikedal hadde då 980 innbyggjarar, 2 av dei i Hapnes krins.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]