Viktor Kolotov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viktor Kolotov
Viktor Kolotov (1975).jpg
Statsborgarskap Sovjetunionen
Fødd 3. juli 1949
Q4533831
Død

3. januar 2000
Kiev

Idrett fotball
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Viktor Mikhailovitsj Kolotov (3. juli 19493. januar 2000) var ein sovjetisk fotballspelar som hadde stor suksess med Dynamo Kiev i tida 1971-81. Midtbanespelaren deltok i 55 landskampar for Sovjetunionen i åra frå 1970 til -78.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Kolotov var fødd på landsbygda ved Kazan i den dåverande sovjetrepublikken Tatarstan. Etter å ha utmerkt seg på Rubin Kazan åra 1969 og -70, flytta han over til Dynamo Kiev frå 1971. Dynamo var i ferd med å byggje opp eit topplag, med eit mannskap som skulle dominere sovjetisk fotball det neste tiåret. Allereie i sit fyrste år med Dynamo vart Kolotov seriemeister og i 1974 vart det nasjonal dobbelttriumf. Toppen kom i 1975 med siger både i cupvinnarcupen, serien og den nasjonale cupen. I 1975 var Kolotov kaptein på laget og fekk gleda av å heve cupvinnarcup-pokalen etter å ha slått ungarske Ferencváros med 3-0 i finalen i Basel. Sidan vann han ytterlegare tre nasjonale meistertitlar i Sovjetunionen. Gjennom sine 10 sesongar i Dynamo Kiev var Kolotov med om å vinne fem seriemeisterskap og to nasjonale cup-pokalar. I 1981 vart han sitjande på reservebenken og la opp.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kolotov fekk sin landslagsdebut hausten 1970 og skåra i alle dei fire fyrste landskampane han spelte. Han var med då Sovjetunionen tapte EM-finalen 1972 mot Vest-Tyskland med 0-3. Under dei olympiske sommarleikane 1972 spelte han alle seks kampane til Sovjetunionen og skåra i tre av dei. I turneringa delte Sovjet og Aust-Tyskland bronsemedaljane då bronsefinalen enda 2-2. Åra 1975 og 1976 var Kolotov kaptein på landslaget. I den eigenskap var han med å vinne bronsefinalen i Montreal-OL med 2-0 over Brasil. Etter å ha vore ute av landslaget ei tid, deltok han i fleire kampar i 1977/78-sesongen. Bortekampen mot Romania i mai 1978 vart hans 55. og siste i landslagsdrakta. Han skåra 22 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1975 med Dynamo Kiev
  • Sovjetisk seriemeister: 1971, 1974, 1975, 1977, 1980 med Dynamo Kiev
  • Sovjetisk cupmeister: 1974 og 1978 med Dynamo Kiev
  • EM-sølv: 1972 med Sovjetunionen
  • OL-bronse: 1972 og 1976 med Sovjetunionen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]