Viktor Zubkov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Viktor Zubkov
Viktor Zubkov (2019-06-02) 02 (cropped).jpg
FøddВи́ктор Алексе́евич Зубко́в
15. september 1941 (79 år)
Arbat
Statsborgar avRussland
PartiSameint Russland, Sovjetunionens kommunistiske parti, Our Home – Russia
Yrkepolitikar, gründer, samfunnsøkonom
Utdanna vedSaint Petersburg State Agrarian University
VervStatsminister i Russland 2007-2008
FøregangarMikhail Fradkov
EtterfylgjarVladimir Putin

Viktor Aleksejevitsj Zubkov (fødd 15. september 1941) er ein russisk politikar og økonom, og statsminister i Russland frå 2007 til 2008.

Zubkov var fødd i Arbat i Sverdlovsk oblast. Han vart utdanna frå 1960 til 1965 ved Leningrad jordbruksinstitutt i Pusjkin i Leningrad oblast. Etter endt militærteneste i 1967 jobba han i sovkhozar i Leningrad oblast. Zubkov var medlem av Sovjetunionens kommunistiske parti frå 1967 til 1991. Frå 1985 til 1991 hadde han leiande stillingar i kommunistpartiet i byen Priozersk (svensk Kexholm) og i Leningrad oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen i 1991 gjekk han ut av kommunistpartiet. Fram til 1993 jobba han i Komitéen for eksterne forbindelsar i byadministrasjonen i St. Petersburg, der han jobba under Vladimir Putin. Frå 1993 til 2001 jobba han for det føderale skattevesenet i St. Petersburg. Frå 1995 var han medlem i partiet Vår heim er Russland (Nasj Dom - Rossija). I 1999 stilte han som kandidat ved guvernørvalet i Leningrad oblast, men kom berre på fjerdeplass med 8,6 % av røystene. Han var med på danninga av partiet Sameint Russland i 2001, men var partilaus då han vart statsminister.

I 2001 flytta han til Moskva som første visefinansminister i regjeringa til Mikhail Kasianov. Då Kasianov vart avsett av Putin i 2004 heldt Zubkov fram i regjeringa til Mikhail Fradkov. Zubkov leia avdelinga som skulle kjempa mot økonomisk kriminalitet. 12. september 2007 vart han nominert til stillinga som statsminister av president Putin. To dagar etterpå vart kandidaturet hans stadfesta av nasjonalforsamlinga, dumaen. Utnevninga av Zubkov til statsminister utløyste spekulasjonar om han er ein mogleg kandidat ved presidentvalet i Russland i 2008.

Zubkov er gift, og har ei dotter. Han er svigerfar til forsvarsministeren i Russland, Anatolij Serdjukov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]