Vitterhetsakademiens bibliotek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vitterhetsakademiens bibliotek ligg i Storgatan 41 på Östermalm i i Stockholm, i bygningen Östra stallet i nærleiken av Statens historiska museum.

Vitterhetsakademiens bibliotek er eit svensk spesialbibliotek innan arkeologi, mellomalderens kunst og arkitektur, numismatikk, kulturmiljø- og kulturminnevern, og er mellom dei fremste i Europa. Dei eldste partane av samlingane høyrer til Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, men heile samlinga og biblioteket disponerast fullt ut av Riksantikvarieämbetet. Biblioteket er ope for ålmenta, og har tilhald i Riksantikvarieämbetets lokale i bygningen Östra stallet i Storgatan 41 på Östermalm i Stockholm, der Antikvarisk-topografiska arkivet (ATA), det vil seie arkiva til Riksantikvarieämbetet og Statens historiska museer, òg har tilhald.

Litteratursamlingane i Vitterhetsakademiens bibliotek er bygd opp frå 1786 og femner i dag om om lag 400 000 band, fordelt på mellom anna fleire spesialsamlingar, til dømes Schering Rosenhanes (1754-1812) bibliotek, som inneheld eldre svenske skildringar av terrengforhold, topografi. Men den største og vitskapeleg mest verdfulle av desse spesialsamlingane er boksamlinga etter riksantikvaren og arkeologen Oscar Montelius (1843-1921), som Kungliga Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien fekk overta i 1922. Denne samlinga er på om lag 9000 band, hovudsakleg arkeologisk litteratur frå samtida hans, og dessutan antropologisk, historisk, religionshistorisk og anna litteratur som var av særleg nytte for den arkeologiske verksemda.

Ei anna av Vitterhetsakademiens biblioteks spesialsamlingar er eit filialbibliotek, dronning Lovisa Ulrikas numismatiska bibliotek, som held til på Kungliga Myntkabinettet i Slottsbacken 6 i Gamla Stan i Stockholm. Til liks med dei andre samlingane i Vitterhetsakademiens bibliotek, er òg denne samlinga tilgjengeleg for ålmenta. Samlinga er på om lag 600 hyllemeter med bøker og tidsskrift, med bøker heilt tilbake til 1500-talet. Men den største tilveksten kom på 1900-talet. Biblioteket har eit 70-tals løpande abonnement på numismatiske tidsskrift.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]