Vlado Šola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vlado Šola


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 16. november 1968 (55 år)
Prisoje, Tomislavgrad
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2004

Utmerkingar

Kroatias stjerneorden

Vladimir Šola, kjent som Vlado Šola, (fødd 16. november 1968) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Prisoje. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Målvakta Šola vekte mykje åtgaum for sitt sprelske spel og energiske framtoning.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Sola deltok i 132 landskampar frå debuten 1991 til hans siste kamp i 2005. Han fekk med seg EM-sølv i 1994, VM-sølv i 1995, VM-gull 2003, OL-gull 2004 og VM-sølv 2005.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 1985 til 1995 var han aktiv i Medveščak, eit lag som fram til 1990 sikra han fire cup-pokalar i dåverande Jugoslavia. Åra frå 1996 til 2006 spelte han på lag i Tyskland, Sveits, Frankrike og Ungarn. Etter to år i Vezprem, flytta han i 2006 til heimlandet og avslutta med å spele i to sesongar for RK Zagreb.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]