Vulkanar på Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Island har særs mange aktive vulkanar på grunn av unike geologiske forhold. Øya har om lag 130 vulkanske fjell, der 18 har hatt utbrot sidan busetjinga av Island. Sjølv om Lakiutbrotet i 1783 var det største utbrotet dei siste 500 åra var utbrotet til Eldgjá i 934 og tidlegare i holoceneperioden enno større.

Geologar forklarar den høge vulkanske aktiviteten som ein kombinasjon av at Island ligg over Den midtatlantiske ryggen og at det ligg eit særs aktivt vulkansk område under øya. Øya ligg over grensa mellom den eurasiatiske og den nordamerikanske plata, og det meste av vulkanaktiviteten pågår langs grensene mellom jordskorpeplatene, som går frå sørvest til nordaust på øya. Noko vulkansk aktivitet finn ein òg i havet utanfor Island, særleg på sørkysten. Dette inkluderer både undersjøiske vulkanar og vulkanar som den heilt nye vulkanøya Jólnir.

Grábrókkratera

Kjende vulkanar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste vulkanane på Island er: I sørvest: Hekla, Mýrdalsjökull med Katla, Eldgjá og Laki, i tillegg til Öræfajökull, Snæfellsjökull.

I nord og i indre område: : isbreen Vatnajökull med Bárðarbunga, Grímsvötn og Kverkfjöll, Krafla, Askja og Herðubreið.

Utanfor sørkysten i øygruppa Vestmannaeyjar ligg den nyleg aktive Surtsey, og EldfellHeimaey. mini|Haukadalur

Ein har òg fleire område med geotermisk aktivitet, slik som vulkanen Hengill med Hveragerði, Haukadalur med den kjende Geysiren, og Hveravellir.

Det er fleire forskjellige typar vulkanar på Island. Den mest kjende type er stratovulkanar som er spreidd over store område og som oftast er ein del av ei fjellkjede.

Liste over vulkanar[endre | endre wikiteksten]

Namn Høgd Plassering Siste utbrot
meter Koordinatar
Askja 1516 65°2′N 16°45′W 1961
Bárðarbunga 2005 64°38′N 17°34′W 1903
Brennisteinsfjöll 626 63°55′N 21°50′W 1341 ± 1 år
Eldfell 279 63°26′N 20°15′W 1973
Eldgjá ~800 64°14′N 18°22′W 1784
Esjufjöll 1760 64°16′N 16°39′W 1927
Eyjafjöll 1666 63°38′N 19°37′W 1823
Fremrinamur 939 65°26′N 16°39′W 800 f.Kr. ± 300 år
Grímsnes 214 64°2′N 20°52′W 3500 f.Kr.?
Grímsvötn 1725 64°25′N 17°20′W 2004
Hekla 1491 63°59′N 19°42′W 2000
Hengill 803 64°11′N 21°20′W 90 ± 100 år
Herðubreið - 65°11′N 16°20′W -
Hofsjökull 1782 64°51′N 19°32′W ukjend, aktiv under holocene
Hveravellir - 64°52′N 19°33′W -
Jólnir 70 63°18′N 20°38′W 1966; har sidan erodert bort
Katla 1512 63°38′N 19°3′W 1918
Kerlingarfjöll 1488 64°38′N 19°19′W ukjend, aktiv under holocene
Kolbeinsey 5 66°40′N 18°30′W 1755
Kollóttadyngja 1177 65°13′N 16°33′W -
Krafla 650 65°44′N 16°47′W 1984
Krísuvík 379 63°56′N 22°6′W 1340 (?)
Krakatindur 300 63°33′N 19°18′W (?)
Kverkfjöll 1764 64°39′N 16°43′W 1968
Laki 1725 64°4′N 18°13′W 1785
Langjökull 1360 64°45′N 19°59′W 925 ± 25 år
Loki-Fögrufjöll 1570 64°29′N 17°48′W 1910
Ljósufjöll 988 64°52′N 22°14′W 960 ± 10 år
Lýsuhóll 540+ 64°52′N 23°15′W ukjend, aktiv under holocene
Öræfajökull 2119 64°0′N 16°39′W 1727
Prestahnúkur 1386 64°36′N 20°36′W 7550 f.Kr ± 500 år
Reykjanes 230 63°53′N 22°30′W 1227 (?)
Reykjaneshryggur -80 63°40′N 23°20′W 1970(?)
Snæfellsjökull 1448 64°48′N 23°47′W -
Strokkur - 64°19′N 20°18′W
Surtsey 174 63°18′N 20°37′W 1967
Thorolfsfell - - -
Tindfjallajökull 1463 63°47′N 19°34′W ukjend, aktiv under holocene
Tjornes - 66°18′N 17°6′W 1868
Torfajökull 1259 63°55′N 19°10′W 1477
Tungnafellsjökull 1535 64°44′N 17°55′W ukjend, aktiv under holocene
Vatnafjöll 1235 63°55′N 19°40′W 750 ± 1000 år
Vestmannaeyjar 279 63°26′N 20°17′W 1973
Viti - 65°3′N 16°43′W geotermisk innsjø i Askjasystemet
Viti - 65°44′N 16°47′W ein del av Kraflasystemet
Þeistareykjarbunga 564 65°53′N 16°50′W 750 f.Kr. ± 100 år

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]