Vulkanboge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Marianaøyane, ein havboge
Kaskadevulkanane, ein kontinentalboge

Ein vulkanboge er ei rekkje vulkanske øyar eller fjell danna av platetektonikk der ei havplate forsvinn under ei anna jordskorpeplate og dannar magma. Det er to typar vulkanbogar. Havbogar (ofte kalla øybogar, ein type øygruppe) og kontinentalbogar. For havbogar forsvinn ei havplate under ei anna havplate. Enkelte stader kan ein finne begge typar vulkanbogar langs same subduksjonssone om ei plate forsvinn under ei plate som både er dekt av land og hav.

To klassiske døme på havbogar er Marianaøyane vest i Stillehavet og Dei små Antillane vest i Atlanterhavet. Kaskadevulkanane vest i Nord-Amerika og Andesfjella langs vestsida av Sør-Amerika er døme på kontinentale vulkanbogar. Det beste dømet på vulkanbogar som strekkjer seg både til havs og over land er vulkanbogen som utgjer Aleutane og Dei aleutiske fjellaAlaskahalvøya og Kuril-Kamtsjatka-bogen som består av Kuriløyane og den sørlege Kamtsjatkahalvøya.

Petrologi[endre | endre wikiteksten]

I subduksjonssoner fører tapet av flyktige bestanddelar i plata som vert pressa nedover til delvis smelting i mantelen og dette skaper kalkalkalisk magma med låg tettleik som stig og trenger seg opp i litosfæren til plata over.

På sida av ein øyboge der plata vert pressa under den andre får ein ei djup og smal djuphavsgrop, som er er grenseflata mellom dei to platene. Denne gropa vert danna ved at den subduserande plata dreg med seg ytterkanten av den overliggande plata nedover. Det oppstår ofte jordskjelv langs desse subduksjonssonene med seismisk hyposenter djupt under øybogane. Desse skjelva definerer Wadati-Benioff-soner.

Den aleutiske bogen med både ein hav- og ein kontinentaldel

Døme[endre | endre wikiteksten]

Kontinentale bogar[endre | endre wikiteksten]

Øybogar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]