Waituna Lagoon
46°33′58″S 168°35′25″E / 46.5662°S 168.5904°E
Waituna Lagoon | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Waituna Lagoon 46°33′58″S 168°35′24″E / 46.5662°S 168.59°E |
Waituna Lagoon ligg på sørkysten til Sørøya på New Zealand og dannar delar av våtmarka Awarua Wetland, ein Ramsarstad som vart oppretta i 1976.
Lagunen er eit viktig habitat for både stadbundne fuglar og flyttfuglar, og 73 ulike artar er oppdaga her. Den auka utbreiinga i lagunen av plantearten Leptocarpus som har vore observert gjennom ein 50-års periode, har vorte tilskrive kunstige opningar mellom lagunen og havet, og auka mengde sediment[1].
Lagunen er i stor grad upåverka av menneskeleg aktivitet, men der er for høge næringsnivå og sedimentering, noko ein ottast vil føra til eutrofiering[2]. Det har også vore oppblomstringar av potensielt giftige algar i lagunen [3].
Rekreasjonsbruk
[endre | endre wikiteksten]Waituna Lagoon er ein kjend stad for fiske og fuglejakt. Der er gode førekomstar av aure i lagunen og i tilførsleelvene, men der er ei fangstgrense på to fiskar pr person pr dag[4]. Fiskesesongen er frå 1. oktober til 30. april.
Der er godt utval av jaktbare fuglar i lagunen, med stokkender som den viktigaste arten. Av andre fugleslag det vert jakta på i sesongen er sigdskeiand (maori kuruwhengi), kanadagås (innført til New Zealand i 1905 for jakt, no sett på som ei uønska art), maorirustand (maori pūtangitangi) og svartsvane (som sjelden vert skoten på av jegrar)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Waituna Lagoon» frå Wikipedia på engelsk, den 8. juli 2020.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ R.M.C. Thompson og G.R. Ryder (2003). Waituna Lagoon : summary of existing knowledge and identification of knowledge gaps. Wellington, N.Z.: DOC. ISBN 9780478223590.
- ↑ Barry Robertson (26. mai 2011). Interim recommendations to reduce the risk of Waituna Lagoon from flipping to an algae-dominated state (PDF). Lagoon Technical Group.
- ↑ «Toxic algae in Southland lagoon». RNZ. 29. mars 2018. Henta 8. juli 2020.
- ↑ Fish&Game New Zealand. «Hunting Regulations». Henta 22. mai 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- http://www.waituna.org.nz , Environment Southland
- Awarua Wetland - Waituna Lagoon Department of Conservation
- https://www.wetlandtrust.org.nz/get-involved/visit-wetlands/wetlands-you-can-visit-in-the-southland-region/ National Wetland Trust of New Zealand