Waiuku

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Waiuku is located in New Zealand
Waiuku sett frå lufta

Waiuku er ein mindre, landleg by i Franklin District, i Regionen AucklandNordøyaNew Zealand.

Byen ligg ved den sørlege enden til elva Waiuku River, som er ein estuararm i den naturlege hamna Manukau Harbour. Han ligg 40 km sørvest for bysentrum i Auckland, og tolv km nord for munningen til elva Waikato River. Ved folketeljinga i 2006 var folketalet i byen 6 087[1].

Waiuku yter tenester til det omliggjande landbruksdistriktet, og er bustad for mange av dei tilsette i stålverket New Zealand Steel ved Glenbrook, som ligg fire km mot nordaust.

Den lokale māoristammen, iwi (eller tangata whenua) i Waiuku, er Ngaati Te Ata.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Māorinamnet Waiuku kjem frå ei legende om to framståande brør, Tamakae og Tamakou, som tevla om handa til ei vakker og høgtståande høvdingdotter i Waikato. Tamakae var jorddyrkaren og forsørgjaren, Tamakou hadde talegåvene. Tamakou var den første som fekk møta henne, men ho bad om å få møta Tamakae også. Han arbeidde i søtpotet(kumara)åkeren og måtte vaska seg i wai (vatn) og uku (eit spesielt slag mudder) ved elva som renn inn i Manukau Harbour like bak Waiuku Museum, før han kunne møta henne. Tamakae vann hjarta hennar og gifte seg med henne. Etter det fekk staden namnet Waiuku.

Framvokster[endre | endre wikiteksten]

Waiuku vart nytta som hamn frå omkring 1843, på den gong så viktige handelsvegen mellom Auckland og jordbruksområda of i Waikato. Han låg også på ei gammal transportrute som māoriane hadde mellom elva Waikato River og Manukau Harbour. I 1851 fekk Waiuku bystatus av regjeringa. Under Waikatokrigen (1863–64), vart Waiuku eit grensefort, og var vakta av eit blokkhus. Waikatokrigen gjorde slutt på trafikken som hadde starta den tidlege utviklinga til staden som handelsstasjon. Waiuku voks seinare til som eit sentrum i det omliggjande jordbruksdistriktet, og fekk status som bydistrikt i 1914. Busetnaden fekk status som mindre by i 1955, og vart teken inn i Franklin District Council i 1988. Eit stort gode for utviklinga til byen har sidan midt på 1960-talet vore det statsstøtta stålverket, New Zealand Steel, det første på New Zealand. Det ligg i Glenbrook, og omdannar jarnhaldig sand som vert henta i dei svarte sandførekomstane ved Waikato Heads til stål. Etter mange eigar- og namneskifte, har verket fått attende namnet New Zealand Steel og er ei avdeling av Bluescope Steel i Australia. Verket held fram med å vera ein viktig og stor arbeidsgjevar i byen.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den lokale puben som ber namnet The Kentish Hotel, er den skjenkestaden på New Zealand som har hatt lengst samanhangande lisens. Hotellet vart bygd av ein av dei første europeiske nybyggjarane i Waiuku, Edward Constable frå Kent i England, som eit vertshus i 1851. Han er enno til stades i namnet på puben og i gata bak - Constable Road.

Ved inngangen til māoriane sitt område står ein iaugefallande statue av Tamakae utskoren i kauristokkar som er gravne opp frå myr under utgravingar ved New Zealand Steel, og som vart gjevne til den lokale iwien, Ngati Te Ata. Området har også ein historisk «landsby» med fleire restaurerte bygningar, mellom desse Hartmann House som skriv seg frå 1886, no i drift som eit lokalt kunsthandverkstudio, Pollock Cottage (frå 1890), Waiuku Jail (fengselet frå 1865) og The Creamery (meieriet frå 1890-talet). Det nærliggjande Waiuku Museum har minne frå kolonitida, māorikunstverk, gamle seglbåtar og historiske fotografi. Ein historisk sti, Heritage Trail, rundt i og omkring byen peikar ut andre stadar av historisk interesse i Waiuku.

Av attraksjonar i nærleiken er den svarte sandstranda på vestkysten ved Kariotahi og Glenbrook Veteranjarnveg.

Koordinatar: 37°15′S 174°45′E

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistics New Zealand
Spire Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.