Walking the Dog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walking the Dog
Singel av Rufus Thomas
frå albumet Walking the Dog
B-side

Fine and Mellow

Språk engelsk
Utgjeve September 1963
Sjanger R&B
Lengd 2:30
Selskap Stax Records
Komponist Rufus Thomas
Tekstforfattar Rufus Thomas
Låtskrivar(ar) Rufus Thomas
Produsent Jim Stewart
Rufus Thomas-kronologi 
«The Dog»
(1963)
Walking the Dog «Can Your Monkey Do the Dog»
(1964)


«Walking the Dog» (eller «Walkin' the Dog») er ein song skriven og framført av Rufus Thomas.[1] Han vart gitt ut i 1963 på albumet hans Walking the Dog. Det var signaturhitten hans og den største hitten hans, då han nådde tiandeplassen på Billboard Hot 100 i desember 1963 og vart verande på Hot 100 i 14 veker.[2].

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Rufus Thomas-versjonen byrjar med å sitera dei første 14 tonane av bryllaupsmarsjen til Mendelssohn frå «Ein midtsumarnatts draum». Denne versjonen er kjend for at Rufus plystrar og roper på hunden sin for å gå tur med han. Teksten har referansar til barnerim, spesielt «Miss Mary Mack».

Dennison-innspelinga[endre | endre wikiteksten]

Den einaste hit-versjonen i Storbritannia var av The Dennisons, som nådde 36. plassen på UK Singles chart i 1964 med sin versjon.[3].

Utgivingar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn fleire månader seinare av The Rolling Stones i 1964. I motsetning til dei fleste Stones-innspelingane har songen harmonivokal på refrenget eine og åleine av Brian Jones (dei fleste tidlege Stones-låtane har Jones og Bill Wyman på korvokal, med Keith Richards som erstattar dei to ikkje lenge etter), noko som gjer innspelinga av songen unik i katalogen deira.

Mange andre artistar har spelt inn songen, mellom anna Aerosmith, Johnny Rivers, John Cale, Georgie Fame and the Blue Flames, Roger Daltrey, Green Day, Hans Theessink, Flamin' Groovies, The Kingsmen, The Sonics, The Lincolns, Ace Cannon, Jackie Shane, The Trashmen, Luv'd Ones, Bob Paisley and the Southern Grass og Ratt. Han vart av og til framført live av Grateful Dead i 1966, 1970 og på midten av åttitalet.

År Artist Album
1963
Rufus Thomas Walking the Dog
1964
The Rolling Stones The Rolling Stones
The Excels 45 only
Johnny Rivers At the Whisky à Go Go
1965
The Kingsmen The Kingsmen Volume II
The Sonics Here Are the Sonics
1966
Mitch Ryder and the Detroit Wheels Breakout...!!!
The Everly Brothers Beat & Soul
Davy Graham Midnight Man
1967
Ace Cannon Memphis Golden Hits
1969
Sandie Shaw Reviewing the Situation
1971
The Flamin' Groovies Teenage Head
1973
Aerosmith Aerosmith
1975
Rick Derringer Spring Fever
Roger Daltrey Ride a Rock Horse
Spirit Spirit of '76
1976
Dr. Feelgood Stupidity
Michel Pagliaro Faire Le Trottoir (på fransk)
1977
Hurriganes Tsugu Way (internasjonal: Use No Hooks)
1979
John Cale Sabotage/Live
1983
Ratt Ratt
1983
The Lincolns
1991
Dave Stewart & Barbara Gaskin Spin
1993
Green Day Demos tape for Dookie
1994
Kidsongs Boppin' with the Biggles
1998
Jason & the Scorchers Midnight Roads & Stages Seen
1998[4]
The Trashmen Bird Call!: The Twin City Stomp of the Trashmen
2009
Tony Spinner Rollin' & Tumblin'
2013
American Dog & Fin Dogatized (songtittelen endra til «Rocking the Dog»)
2015
Schizophrenic Spacers Live version from «Macumba: Live at Last»
2017
Jackie Shane Any Other Way

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «discogs.com». discogs.com. Henta 17. mars 2021. 
  2. Bullfrog's Pond Billboard Top 100. Henta 20. januar 2009.
  3. Betts, Graham (2004). Complete UK Hit Singles 1952-2004 (1st utg.). London: Collins. s. 211. ISBN 0-00-717931-6. 
  4. CD Universe Previously unreleased track, recorded between 1961 and 1967.