The Rolling Stones av The Rolling Stones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Rolling Stones
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 16. april 1964 (Storbritannia), 30. mai 1964 (USA)
Innspelt 3. januar – 25. februar 1964
Studio Regent Studios, London
Sjanger
Lengd 33:24 (britisk), 31:05 (amerikansk)
Selskap Decca (UK), London (USA)
Produsent Eric Easton, Andrew Loog Oldham
Britisk The Rolling Stones-kronologi
The Rolling Stones The Rolling Stones No. 2
(1965)
Amerikansk The Rolling Stones-kronologi
The Rolling Stones 12 X 5
(1964)
Singlar frå The Rolling Stones (England's Newest Hit Makers)
  1. «Not Fade Away»/«I Wanna Be Your Man»
    Utgjeve: 6. mars 1964
  2. «Tell Me»/«I Just Want to Make Love to You»
    Utgjeve: 13. juni 1964
Meldingar
Britisk utgåve
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[2]
BBCPositiv[3]
Meldingar
Amerikansk utgåve
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]

The Rolling Stones er debutalbumet til The Rolling Stones, utgjeve på Decca Records i Storbritannia den 16. april 1964. Den amerikanske utgåve av albumet hadde eit litt anna innhald og kom ut på London Records den 30. mai 1964, med undertittelen England's Newest Hit Makers. Dette vart seinare den offisielle tittelen på denne utgåva.

Albumet er med i boka til Robert Dimery kalla 1001 Albums You Must Hear Before You Die.[5]

Innspeling og utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga ved Regent Sound Studios i London tok fem dagar i januar og februar 1964. Albumet vart produsert av dei dåverande managerane Andrew Loog Oldham og Eric Easton. The Rolling Stones vart opphavleg gjeve ut på Decca Records i Storbritannia, medan England’s Newest Hitmakers kom på London Records i USA, med songen «Not Fade Away» (den tredje singelen til bandet) erstatta songen «Mona (I Need You Baby)».[6]

Dei fleste songane på albumet er autentisk R&B. Mick Jagger og Keith Richards skreiv ikkje mange songane på denne tida, og medverka berre med ein orignal song til albumet, «Tell Me (You’re Coming Back)». To songar er tilskriven «Nanker Phelge» - eit pseudonym band nytta for songar heile bandet medverka med frå 1963 til 1965. Phil Spector og Gene Pitney begge medverka til innspelinga og vert kalla «Uncle Phil og Uncle Gene» på instrumentalen «Now I’ve Got a Witness».

Biletet på plateomslaget vart teke av David Bailey. Omslaget på den britiske utgåva står utan tittel eller noko anna som identifiserer bandet, bortsett frå biletet og ein Decca-logo. Dette «uhøyrde» konseptet var Andrew Oldham sin ide.[7][8]

The Rolling Stones vart ein av bestseljarane i 1964 i Storbritannia og låg på førsteplassen på den britiske salslista i 12 veker.

Britisk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Route 66»  Bobby Troup 2:20
2. «I Just Want to Make Love to You»  Willie Dixon 2:17
3. «Honest I Do»  Jimmy Reed 2:09
4. «Mona (I Need You Baby)»  Ellas McDaniel 3:33
5. «Now I've Got a Witness (Like Uncle Phil and Uncle Gene)»  Nanker Phelge 2:29
6. «Little by Little»  Nanker Phelge, Phil Spector 2:39
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «I'm a King Bee»  James Moore 2:35
8. «Carol»  Chuck Berry 2:33
9. «Tell Me (You're Coming Back)»  Mick Jagger, Keith Richards 4:05
10. «Can I Get a Witness»  Brian Holland, Lamont Dozier, Eddie Holland 2:55
11. «You Can Make It If You Try»  Ted Jarrett 2:01
12. «Walking the Dog»  Rufus Thomas 3:10

Amerikansk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Den amerikanske utgåva av albumet med undertittelen England's Newest Hit Makers, som sidan vart det offisielle namnet på utgåva, var det første albumet bandet gav ut i Amerika. Det kom ut på London Records den 30. mai 1964, ein og ein halv månad etter den britiske versjonen.

Sporet «Not Fade Away» (A-sida til den tredje singelen deira i Storbritannia) erstatta «I Need You Baby»,[6] og titlane til songane «Now I've Got a Witness (Like Uncle Phil and Uncle Gene)» og «Tell Me (You're Coming Back)» vart korta ned til «Now I've Got a Witness» og «Tell Me» på dei fleste versjonane. Då det kom ut nådde The Rolling Stones 11. plassen i USA og selde til gullplate. Så langt er dette det einaste albumet til The Rolling Stones som ikkje har nådd topp 5 på Billboard.[9]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Not Fade Away»  Buddy Holly, Norman Petty 1:48
2. «Route 66»  Bobby Troup 2:20
3. «I Just Want to Make Love to You»  Willie Dixon 2:17
4. «Honest I Do»  Jimmy Reed 2:09
5. «Now I've Got a Witness»  Nanker Phelge 2:29
6. «Little by Little»  Nanker Phelge, Phil Spector 2:39
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
7. «I'm a King Bee»  James Moore 2:35
8. «Carol»  Chuck Berry 2:33
9. «Tell Me»  Mick Jagger, Keith Richards 4:05
10. «Can I Get a Witness»  Brian Holland, Lamont Dozier, Eddie Holland 2:55
11. «You Can Make It If You Try»  Ted Jarrett 2:01
12. «Walking the Dog»  Rufus Thomas 3:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones

Andre musikarar

Salslister og salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Album

Liste (1964–65) Plassering
Australia (Kent Music Report)[10] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[11] 2
Britiske album (OCC)[12] 1
US Billboard 200[13] 11

Singlar

År Singel Liste Plassering
1964 «Not Fade Away» UK Singles (OCC)[12] 3
Billboard Hot 100[13] 48
«Tell Me» Billboard Hot 100[13] 24

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Canada (Music Canada)[14] Platina 100 000^
USA (RIAA)[15] Gull 500 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Richie Unterberger (1964-05-30). «The Rolling Stones (England's Newest Hit Makers) - The Rolling Stones | Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. http://www.allmusic.com/album/the-rolling-stones-englands-newest-hit-makers-uk-mw0000195499. Henta 25. mars 2018. 
  2. http://www.acclaimedmusic.net/Current/A6.htm
  3. https://www.bbc.co.uk/music/reviews/3whf/
  4. http://www.acclaimedmusic.net/Current/A6.htm
  5. Robert Dimery; Michael Lydon (2010). 1001 Albums You Must Hear Before You Die: Revised and Updated Edition. Universe. ISBN 978-0-7893-2074-2.
  6. 6,0 6,1 McPherson, Ian. «The Rolling Stones' Complete Discography Part I: 1963–1965». http://www.timeisonourside.com/disco1.html. Henta 25. februar 2008. 
  7. Bill Wyman (2002). Rolling with the Stones. DK Publishing. s. 111. ISBN 0-7894-9998-3. 
  8. Andrew Loog Oldham (2000). Stoned. St. Martin's Griffin. s. 327. ISBN 0-312-27094-1. 
  9. «The Rolling Stones - Chart History». http://www.billboard.com/artist/419005/rolling-stones/chart?f=379&sort=date. Henta 25. mars 2018. 
  10. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (Illustrated utg.). St. Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  11. "Offiziellecharts.de – The Rolling Stones – The Rolling Stones" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 25. mars 2018.
  12. 12,0 12,1 "Rolling Stones | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 25. mars 2018.
  13. 13,0 13,1 13,2 "The Rolling Stones Album & Song Chart History" Billboard 200 for The Rolling Stones. Prometheus Global Media. Henta 25. mars 2018.
  14. «Canadian album salstrofé – The Rolling Stones». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22%22%20%22The+Rolling+Stones%22. Henta 25. mars 2018. 
  15. «American album salstrofé – The Rolling Stones». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=The+Rolling+Stones. Henta 25. mars 2018.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]