Whirinaki Forest Park

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mangamate Hut, ei av villmarkshyttene i parken.

Whirinaki Forest Park er eit ålment tilgjengeleg verna skogsområde i regionen East CoastNordøyaNew Zealand. Parken ligg kring byen Minginui og grensar til den austlege flanken av nasjonalparken Te Urewera National Park.

Miljøverndepartementet, Department of Conservation, har det administrative ansvaret for parken. Fotturisme og terrengsykling er populære rekreasjonsformer i parken, og der er eit nettverk av stiar og hytter som vert nytta til desse føremåla.

River Road, som er utan fast dekke, fører fran til ein parkeringsplass og eit startpnkt for mange av turane. Kortare turar går gjennom urørt krattskog til fossefalla Waiatiu Falls og Whirinaki Falls, til lagunen Arohaki Lagoon, og til slukta Te Whaiti-Nui-A-Toi Canyon. I Arohaki Lagoon er det ofte ei mengd av froskearten Litoria raniformis. Lengre turstiar knyter saman fleire hytter og to andre tilgangsvegar.

Skogane stod i sentrum for protestar på skogsdrift på 1970- og -80-talet[1]. I dag består store delar av parken av naturleg podocarp skog, der ein finn rimu (dacrydium cupressinum), totara (podocarpus totara), kahikatea (Dacrycarpus dacrydioides), matai (prumnopitys taxifolia) og miro (prumnopitys ferruginea). I ein del høgareliggjande område er det bøkeskog. Ei rekkje fuglearter, somme av dei trua, held også til i parken.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. L. Harper, T. Mudd, P. Whitfield and D. Hall (2006). The Rough Guide to New Zealand (5 utg.). New York - London - Delhi: roughguides. s. 355. ISBN 1-84353-679-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 38°46′S 176°46′E