Wikipedia:Utvald artikkel/Veke 47, 2016

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maurfuglen Gymnopithys leucaspis

Maurfuglar, Thamnophilidae, er ein familie av små artar av sporvefuglar med habitat i subtropisk og tropisk Sentral- og Sør-Amerika. Familien samlar over 200 artar og inneheld maurvarslarar, maursmettar, maurvireoar, gloaugo, maurvaktarar og grovnebb. Dei er nært relaterte til artar i maurriksefamilien, tapakuloar og spesielt myggetarar.

Dette er små fuglar med avrunda venger og sterke bein, typiske fjørdrakter hos maurfuglar har farger i mørkegrått, kvitt, brunt og raudbrunt. Dei fleste artane viser kjønnsdimorfisme i mønster og farger. Nokre artar kommuniserer åtvaringar til kvarandre ved å eksponere kvite fjørflekkar på stjertfjøra eller skuldra. Dei fleste artane har kraftige nebb, ofte har overnebbet ein nedbøygning heilt i enden. Maurfuglar er monogame og forsvarar territoriet. Dei legg vanlegvis to egg i et reir som anten er hengt opp i greiner eller vert stødd av ei grein, ein stubbe eller ein jordhaug på bakken. Begge foreldra deler på oppgåvene med ruging og fôring av ungar. Etter at ungane forlèt reiret tar dei ansvar for kvar sin unge. Les meir …