Winthrop Graham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Winthrop Graham
Statsborgarskap Jamaica
Fødd 17. november 1965 (58 år)
Westmoreland Parish
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992, Sommar-OL 1988

Winthrop Graham (fødd 17. november 1965) er ein jamaicansk tidlegare friidrettsutøvar som vann sølvmedaljen på 400 meter hekk både under Friidretts-VM 1991 og Sommar-OL 1992, i 1993 tok han VM-bronsen i øvinga.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Gjennom 1987-sesongen forbetra Graham sitt personbeste i 400 meter hekk med over halvtanna sekund til 48,49 sekund. Han vann øvinga ved dei panamerikaniske leikane i Indianapolis, under verdsmeisterskapen i Roma rauk han derimot ut i semifinalane. Året etter flytta han den jamaikanske rekorden til 48,04 då han vart femtemann i øvinga under dei olympiske sommarleikane i Seoul. Saman med Howard Davis, Devon Morris og Bert Cameron vann han OL-sølv på den lange stafetten, einast USA sitt lag sprang fortare.

År 1990 sigra Winthrop Graham på 400 meter hekk i Goodwill Games. I VM-finalen 1991 i Tokyo forbetra Graham si bestenotering til 47,74 sekund og vann dermed sølvmedaljen bakom Samuel Matete frå Zambia. I 4 x 400 m stafett sikra Seymour Fagan, Devon Morris, Patrick O’Connor og Graham bronse til Jamaica bakom Storbritannia og USA.

Også under Sommar-OL 1992 i Barcelona presterte Graham personbeste med sine 47,66, noko som heldt til sølv bakom Kevin Young. I verdsmeisterskapen 1993 i Stuttgart sprang Graham over mål på 47,62 sekund og tok bronse, to hundredels sekund bak sølvmedaljør Matete og like knapt framom Stéphane Diagana på fjerdeplass. To veker før meisterskapen i Stuttgart slo Graham både Matete og verdsmeister Kevin Young i Weltklasse Zürich. Han sette då landsrekord og livsrekord med tida 47,60 sekund.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 1987 i Roma: Utslått i semifinalane på 400 m hekk (48,64=nr 10). Nr 6 i 4 x 400 m stafett
  • OL 1988 i Seoul: Nr 5 på 400 m hekk – 48,04. Sølv i 4 x 400 m stafett
  • VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje på 400 m hekk – 47,74, bakom Samuel Matete (47,64)
  • OL 1992 i Barcelona: Sølvmedalje på 400 m hekk – 47,66, bakom Kevin Young
  • VM 1993 i Stuttgart: Bronsemedalje på 400 m hekk – 47,62
  • VM 1995 i Göteborg: Diskvalifisert i semifinalen på 400 m hekk (=nr 15)
  • OL 1996 i Atlanta: Braut forsøket på 400 m hekk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]