Wolfgang Nordwig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Wolfgang Nordwig
Bundesarchiv Bild 183-D0812-0012-002, Wolfgang Nordwig.jpg
Fødd 27. august 1943
Chemnitz
Yrke stavhopper
Wolfgang Nordwig på Commons

Wolfgang Nordwig (fødd 27. august 1943) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Chemnitz i Sachsen. Han tevla i stavhopp. Nordwig vann tre europameisterskap på rad, 1966, 1969 og 1971, før han i 1972 vart olympisk meister i øvinga. I tillegg tok han ein OL-bronse i 1968.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Nordwig klarte sterke 5,01 meter i 1964, men sidan Tyskland hadde den sterkaste stavhopptroppen til OL fekk han ikkje billett til Tokyo. To år seinare vart han europameister i stavhopp med 5,10 meter, fem centimeter føre Christos Papanikolaou frå Hellas.

Under OL 1968 i Mexico-byen var Nordwig ein av aktørane i ei svært jamn og spanande stavhopptevling. Han var ein av tre hopparar som stoppa på 5,40 m, ein centimeter under verdsrekorden. Nordwig måtte nøye seg med bronsemedaljen, då gullmedaljøren Bob Seagren frå USA og sølvmedaljevinnaren Claus Schiprowski frå Vest-Tyskland klarde høgda før Nordwig. Ingen av dei tre makta å svinge seg over verdsrekordhøgda 5,45 m.

Både i 1969 og 1971 vann Nordwig stavhopptevlingane under europameisterskapane, og begge gongane hadde han sterkast konkurranse frå svensken Kjell Isaksson. I 1969 gjekk Nordwig over 5,30 m og vann med 10 cm margin, to år seinare auka han vinnarresultatet med fem cm og vann med same margin over Isaksson.

Nordwig forbetra verdsrekorden i stavhopp to gongar. 17. juni 1970 i Berlin sette han sin fyrste verdensrekord med 5,45 m og same året, den 3. september i Torino, forbetra han rekorden med ein centimeter til 5,46 m.

Under OL 1972 i München hoppa han 5,50 m i stavfinalen, ny olympisk rekord. Nordwig braut dermed den USA-amerikanske sigersrekka i stavhopping, det var fyrste gongen den olympiske gullmedaljen i stavhopp ikkje vart vunnen av ein frå USA.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • EM 1966 i Budapest: Gullmedalje – 5,10 m, framom Christos Papanikolau (5,05 m)
  • OL 1968 i Mexico by: Bronsemedalje – 5,40 m, bakom Bob Seagren (5,40 m) og Claus Schiprowski (5,40 m)
  • EM 1969 i Athen: Gullmedale – 5,30 m, framom Kjell Isaksson (5,20 m)
  • EM 1971 i Helsingfors: Gullmedalje – 5,35 m, framom Kjell Isaksson (5,30 m)
  • OL 1972 i München: Gullmedalje – 5,50 m, framom Bob Seagren (5,40 m)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]