Xianyang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Xianyang si plassering i Shaanxi

Xianyang (kinesisk: 咸阳; pinyin: Xiányáng) er eit byprefektur i provinsen Shaanxi i det sentrale Kina. Prefekturet dekker eit areal på 10 213 km² og har om lag 5,1 millionar ibuarar.

Byprefekturet Xianyang omfattar tre bydistrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og ti fylke (县 xiàn). Byen Xianyang ligg like nord for metropolen Xi'an, på nordbreidda av elva Wei He.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Longhaibana, Kinas viktigaste jarnbanelinje i aust-vest-retning, strekker seg frå Lianyungang til Lanzhou stoppar i Xianyang.

Kinas riksveg 312 går gjennom området. Han fører frå Shanghai til ein grenseovergang til Kasakhstan. Vegen passerer mellom andre byane Suzhou, Nanjing, Hefei, Xinyang, Xi'an, Lanzhou, Jiayuguan i Gansu og Urumqi.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det opphavlege Xianyang, som låg omtrent der dagens by ligg, var hovudstad i oldtidsstaten Qin under krigarrika-tida, og heldt fram som hovudstad under det kortvarige Qin-dynastiet.

Ryttarfigur frå Det vestlege Han-dynastiet, 2000-2200 år gammal

Kinas første keisar, Qin Shi Huang, fekk bygt eit svært mausoleum i nærleiken av hovudstaden. Her plasserte han den no velkjende terrakottahæren. Dette og andre storslåtte tiltak, som kravde enorme ressursar både kva gjeld arbeidskraft og pengemidlar, var, saman med eit undertrykkande styre, leia til undergang for både Qin-dynastiet og byen Xianyang.

Kort tid etter den første keisaren døydde i 210 f.Kr. braut ut fleire opprør. Tidleg i desember 207 f.Kr. overgav Qin-kongen Ziying seg til opprørsleiaren Liu Bang. Liu Bang erobra deretter Xianyang, men vart snart tvinga til å overlate byen til ein annan opprørsleiar, Xiang Yu, som hadde ein mykje større hær enn Liu Bang. Xiang Yu drap Ziying og brende ned Xianyang. Under denne brannen gjekk heile det kongelege biblioteket tapt, mellom anna dei einaste utgåvene av mange såkalla «forbodne bøker».

Etter å ha nedkjempa Xiang Yu, bygde Liu Bang i 202 f.Kr. ein ny by som han kalla Chang'an. Chang'an låg 28 kilometer unna det gamle Xianyang på motsett side av Wei-elva. Chang'an var seinare hovudstad for Det vestlege Han-dynastiet. Chang'an er i dag i den nordvestre delen av storbyen Xi'an.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]