Yamilé Aldama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Yamilé Aldama


Statsborgarskap Cuba, Storbritannia
Fødd 14. august 1972 (51 år)
Havanna
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Samveldeleikane 2014

Yamilé Aldama (fødd 14. august 1972) er ein kubansk-britisk tidlegare friidrettsutøvar som tevla internasjonalt i tresteghopp. Ho representerte Cuba til 2003, deretter Sudan 2004-09 og frå 2010 Storbritannia. Aldama vann sølv under VM 1999 i Sevilla og sigra i øvinga ved hall-VM 2012.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Aldama fekk sitt gjennombrot i 1999. Ho sette kubansk rekord med 14,77 meter då ho vann trestegtevlinga ved dei panamerikaniske leikane i Winnipeg, for deretter å vinne sølvmedaljen under verdsmeisterskapen i Sevilla. Året etter enda ho på fjerdeplassen ved Sommar-OL i Sydney. Etter Sydney-leikane gifta ho seg med ein brite og slo seg ned i London.

Sommaren 2003 var Aldama i sitt livs form. Ho vann Bislett Games med eit hopp på 15,11 m og sette 11. juli med 15,29 meter ny amerikarekord då ho sigra i eit GL-stemne på Stadio Olimpico i Roma. For å få vere med i Sommar-OL 2004 skaffa Aldama seg pass i Sudan. I 2004 tok ho sølv ved innandørs-VM i Budapest, ho vart afrikameister og ho sette afrikarekord med 15,28 m. Ved dei olympiske leikane i Aten landa ho på 14,99 m og enda på femteplass i ei uvanleg hard tevling. Året etter kom ho på fjerdeplassen ved VM i Helsinki. Sidan forsvarte ho i 2006 tittelen som afrikameister, før ho i 2007 triumferte ved afrikaleikane.

I 2010 fekk Aldama britisk statsborgarskap. Ho vart nummer fem i tresteghopp både under VM 2011 i Daegu og Sommar-OL 2012 i London. Tidlegare i 2012 hoppa seg til siger i innandørs-VM i Istanbul med 14,82 m som best.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]