Hopp til innhald

Yaospråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om ei austasiatisk språkgruppe. For det afrikanske, sjå bantuspråket yao.
Yaospråk
Klassifisering: Hmong-mien
Vidare inndeling:
Område: Kina, Vietnam, Laos, Thailand, USA
Glottolog: mien1242

Kart som viser utbreiinga av yaospråk og hmongspråk.

Yao- eller mien-språk er språk tala av yaofolk frå Kina, Vietnam, Laos og Thailand. Dei utgjer den eine hovudgreina av miao-yaospråk (hmong-mienspråk), den andre dannar hmong-språka. Ein del yaofolk snakkar også miao/hmong.

Alle miao-yaospråk er isolerande SVO-språk med omfattande tonesystem. Dei er kjenneteikna av konsonantkluster først i ord.[1]

Språka er blitt noko ulikt klassifisert av språkforskarar.

Martha Ratliff la fram denne klassifikasjonen i 2010:[2]

David Strecker føreslo ei klassifisering i 1987[3] som James Matisoff utvida i 2001:

Shaozhou tuhua

[endre | endre wikiteksten]

Shaozhou tuhua er eit språk skrive med nushu-skrifta, ei form av kinesisk snakka av yaofolk. Utviklinga av dette språket er ukjend, men det kan ha starta som eit sinifisert yaospråk.[4]

  1. miao-yao i Store norske leksikon
  2. Ratliff, Martha. 2010. Hmong–Mien language history. Canberra, Australia: Pacific Linguistics.
  3. Strecker, David. 1987. "The Hmong-Mien Languages." I Linguistics of the Tibeto-Burman Area, 10 , no. 2: 1-11.
  4. Cited in Chiang (1995) We two know the script, we have become good friends, p. 28, footnote 43.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]